CUPMEISTER: Sivert Mannsverk avgjorde cupfinalen for Molde søndag ettermiddag.
CUPMEISTER: Sivert Mannsverk avgjorde cupfinalen for Molde søndag ettermiddag.

Sivert Mannsverk vart matchvinnar då Molde tok cupgull: – Heilt vanvitig

Den unge årdølen var iskald frå straffemerket då Molde tok NM-gull.

Publisert Sist oppdatert

Saka vert oppdatert.

Den 19 år gamle årdølen Sivert Mannsverk vart matchvinnar på straffespark då Molde slo Bodø/Glimt 1–0 i cupfinalen søndag ettermiddag.

Ungguten spelte heile kampen for moldensarane. Han var naturleg nok svært stolt då sluttsignalet gjekk.

– 19 år, og å få oppleva det her. Heilt vanvitig, sa Mannsverk på direkten til NRK like etter at kampen var over.

– Skal vere mål ti av ti gonger

Mannsverk kom og med skryt til resten av laget.

– Innsatsen me legg ned i dag. Det er så sjukt. Eg må berre vere med her, sa Mannsverk og sprang til lagkompisane.

Midtbanespelaren frå Årdal fortalde og at han forsøkte å luke ut alle distraksjonar då han sette inn straffesparket som sikra gullet til Molde.

– Straffe skal vere mål ti av ti gonger, og det presset la eg på meg. Det er så vanvitig, gjentok Mannsverk.

JUBLA: Molde FK og Sivert Mannsverk trakk det lengste strået i duellen mot Bodø/Glimt søndag ettermiddag.
JUBLA: Molde FK og Sivert Mannsverk trakk det lengste strået i duellen mot Bodø/Glimt søndag ettermiddag.

– Ser berre byrjinga

Årdølen Alf Roger Lereng trente Sivert Mannsverk i barne- og ungdomsfotballen gjennom mange år.

Han var til stades på Ullevaal stadion då 19-åringen sette inn straffesparket, og er tydeleg rørt når han snakkar med Porten etter kampen.

– Eg må berre seie som sant er: Det me ser av Sivert Mannsverk no, er berre byrjinga. Han er bygga for dei store arenaene, og det har eg sagt i mange år, seier Lereng.

POKAL: Sivert Mannsverk og Molde stakk av med kongepokalen søndag ettermiddag.
POKAL: Sivert Mannsverk og Molde stakk av med kongepokalen søndag ettermiddag.

Lereng meiner at alle sogningar har grunn til å vere stolte av Mannsverk etter søndagens prestasjon.

– Han kjem til å gje oss mykje fotballglede framover. Eg er jo partisk, men om ein ser kampen på stadion i dag, er han den beste på bana. Han har knapt balltap som sentral midtbanespelar i ein cupfinale. Han styrer og dirigerer. Det er heilt imponerande.

– Du er ikkje redd for at Mannsverk kan ta litt av, no då?

– Om sju dagar blir han 20 år. Er det ein mann som aldri tek av eller blir noko anna, så er det Sivert Mannsverk. Han er best på å vera Sivert Mannsverk. Det har eg sagt i mange år, svarar Lereng.

Powered by Labrador CMS