BLUSS: Brann-fansen stilte opp med bluss under kampen mellom Sogndal og Brann førre helg. For nokon supportarar skal kampen ha fortsatt også etter at dei forlot Brann stadion.
BLUSS: Brann-fansen stilte opp med bluss under kampen mellom Sogndal og Brann førre helg. For nokon supportarar skal kampen ha fortsatt også etter at dei forlot Brann stadion.

Supportarar skal ha hamna i bråk etter Brann – Sogndal: – Trist at dette skjer

Supporterklubben Saftkokaradn er førebels tause om saka.

Publisert Sist oppdatert

Det skal ha oppstått samanstøyt mellom nokre Brann og Sogndal-supportarar i etterkant av førre vekes kamp i Bergen mellom dei to laga.

Det skriv Sogn Avis, som omtalte saka fyrst, torsdag kveld.

Politiet skal ha vore til stades når hendinga skjedde. Konstituert dagleg leiar, Therese Andvik Rygg, seier mellom anna dette om saka til Sogn Avis:

– Me har fått vita at det er oppstått tumultar mellom supportarar rett utanfor stadion. Det er nokre supportereffektar som er blitt stolne, og dette tek me sterk avstand frå. Det er trist at dette skjer. Me ønskjer at våre gjester skal føla seg trygge på våre arrangement og me vil sjølvsagt følgja dette opp.

Porten har vore i kontakt med Saftkokardn sin leiar, Øyvind Heimset Larsen.

Han ynskjer ikkje å kommentere saka.

Powered by Labrador CMS