ODD NORDSTOGA: Heile Noregs Odd Nordstoga blir å finne i Fresvik i sommar.
ODD NORDSTOGA: Heile Noregs Odd Nordstoga blir å finne i Fresvik i sommar.

Odd Nordstoga og fire nye artistar til Fres Festival

Det dreg seg mot sommar, og tradisjon tru slepper Fres Festival eit knippe artistar ei tid før festivalen tek til.

Publisert

Fem nye artistar i forskjellige sjangrar kjem til Fresvik i sommar.

Odd Nordstoga, Michelle Ullestad, Darling West, Erlend Apneseth Trio og Soft Ride kjem alle saman til Fresn, som vert arrangert for første gong på to år.

Fres Festival vert arrangert 28–30. juli i sommar. Frå før er det kjend at blant anna Kjartan Lauritzen og Sløtface skal opptre i år.

Festivalen har dei to siste åra vorte avlyst på grunn av koronapandemien. Då Porten snakka med festivalsjef Håvard Ese Eliassen tidlegare i år var han klar på at han såg fram til å arrangere festival att.

– Mange har vore skuffa for at dei to føregåande festivalane vart avlyste, så me har masse å ta att her no, sa Eliassen til Porten i februar.

Powered by Labrador CMS