TRENG VEDLIKEHALD: Fylkesvegen ned Sognefjellet til Fortun er bratt og smal, og rekkverket på strekninga er i dårleg stand
TRENG VEDLIKEHALD: Fylkesvegen ned Sognefjellet til Fortun er bratt og smal, og rekkverket på strekninga er i dårleg stand

Ventar lange stengingar på Sognefjellsvegen

Måndag startar utbetringa av rekkverket i bakkane ovanfor Fortun.

Publisert

Det er eit rekkverk på ei 250 meter lang strekning mellom Fortun og Berge som er i dårleg stand, og må utbetrast.

Vegen vert stengd i opp til seks timar på dagtid, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Langstengingar frå oktober og ut november

– Dette er eit vanskeleg terreng å jobbe i, det er både trongt og bratt. Difor treng vi å stenge i lengre periodar for å få jobben gjort. I utgangspunktet vil arbeidet gå frå måndag til torsdag, men det kan bli behov for å arbeide på fredagar og gjennom helga i nokre veker, seier byggjeleiar Odd Henning Kristiansen.

Arbeidet som krev lange stengingane vil vare ut november.Vegen vil verte stengd nede i Fortun og oppe ved Turtagrø for å hindre opphoping av køyretøy og trafikkork.

Først reinsk og sikring

Før rekkverksarbeidet kan starte må fjellsida over vegen reinskast for lause steinar. Etter at fjellsida er sikra, startar arbeidet på murane på nedsida av vegen.

Dei gamle tørrmurane skal forsterkast med sprøytebetong og stag, før rekkverket kan monterast. Dette er ein annan type enn betongrekkverket som er andre stader på strekninga, men skal tole ei utforkøyring.

Eventuelle endringar i stengetider vil bli varsla gjennom trafikkmeldingar på www.175.no.

STARTAR MÅNDAG: Midt på bildet ser ein strekninga der rekkverket skal skiftast ut. Arbeidet startar måndag 4. oktober.
STARTAR MÅNDAG: Midt på bildet ser ein strekninga der rekkverket skal skiftast ut. Arbeidet startar måndag 4. oktober.
Powered by Labrador CMS