Sakna 15 år gamal jente funnet i natt

Publisert Sist oppdatert

Vest politidistrikt har måndag kveld mottatt ei saknamelding på ei 15 år gamal jente som bur i Gaupne.

Ho er sist observert søndag kveld, melder politiet på Twitter klokka 21:45.

Jenta er 157 cm høg, av arabisk opphav, tynn og bruker hijab.

Politiet ber publikum om å kome med tips til telefonnummer 02800.

Funnet i natt

Vest politidistrikt melder på nytt klokka 05:44 tirsdag morgon at den sakan 15 åringen er komen til rette.

– Ho er sett i kontakt med helsevesen og redningsaksjonen er avslutta, skriv dei på Twitter.

Powered by Labrador CMS