Køyrde inn i bubil – mistenkjer promillekøyring

Førarkortet er beslaglagt.

Publisert Sist oppdatert

Like før halv tolv tysdag kveld fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Gudvangen på E16.

Det var to bilar involvert, ein personbil og ein bubil. Personbilen skal ha køyrd inn i bubilen bakfrå opplyser alarmsentralen på Twitter.

Ingen vart skada under påkøyrselen, men politiet mistenkjer at føraren av personbilen, ein 26 år gamal mann, har køyrd i rusa tilstand.

Blodprøver vart tekne og førarkortet er beslaglagt.

Politiet opprettar sak.

Powered by Labrador CMS