NORTURA: Nortura sin fabrikk i Sogndal.
NORTURA: Nortura sin fabrikk i Sogndal.

Nortura vart utsett for russisk hackaråtak: – Me trakk pluggen til internett

Åtaket skal ha skjedd før jul i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Saka vert oppdatert.

Matleverandøren Nortura, som har ein eigen fabrikk i Sogndal, vert utsett for eit russisk hackaråtak før jul i fjor.

Det skriv TV 2 måndag føremiddag. Åtaket som hende 21. desember 2021, gjorde at Nortura ikkje visste om dei kunne levere mat til Norge, slik dei plar gjere.

– Me trakk pluggen til internett og stengde ned alle serverane og det vart mørkt. Me kunne ikkje produsere og me kunne ikkje ta imot nokon dyr. Og me hadde nokon dagar der då me lurte på om me kunne levere Norge med den maten som me plar å gjere, seier konserndirektør Kjell Rakkenes.

Før jul i fjor vart òg aviskonsernet Amedia utsett for eit hackaråtak. Det førte til store problem med å få gitt ut papiraviser på tvers av konsernet.

Powered by Labrador CMS