TIDA ETTERPÅ: Hanne Eide (23) mista på seinsommaren i fjor pappaen sin som ho er så glad i. Tida etterpå har vore hard, men ho håpar og trur at han ville at ho skulle ha leve livet vidare og vere glad, sjølv om saknet er stort.
TIDA ETTERPÅ: Hanne Eide (23) mista på seinsommaren i fjor pappaen sin som ho er så glad i. Tida etterpå har vore hard, men ho håpar og trur at han ville at ho skulle ha leve livet vidare og vere glad, sjølv om saknet er stort.

Hanne mista sin store støttespelar. No fortel ho om sorgen og saknet

– Eg prøver å tenkje på kva han ville at eg skulle ha gjort.

Publisert Sist oppdatert

– Han var jo med meg på alt når eg var yngre. Uansett om det var handball, fotball, turn, motocross. Han stilte alltid opp, heia på meg og var der for meg, seier Hanne Eide.

Ho og pappaen Jan Erik Eide har alltid vore nære. Eit av finaste minna ho har saman med han, var då dei reiste rundt og han sto å heia på sidelinja.

Sjølv om ho flytta vekk frå heimbygda Årdal til Bergen for eit par år sidan, pleidde dei å snakka kvar dag. Dei snakka på telefon, sende bilete og meldingar til kvarandre. Ofte fleire gonger dagleg.

Så ein seinsommardag midt i august fekk ho sjokkbeskjeden.

Pappaen ho var så glad i hadde omkomme i ei trafikkulukke.

MINNENE: – Eg sakna at han er heime når eg reiser heim på besøk. Men det er jo samstundes det som driv meg litt også, at me har så mange fine minner, seier Hanne Eide.
MINNENE: – Eg sakna at han er heime når eg reiser heim på besøk. Men det er jo samstundes det som driv meg litt også, at me har så mange fine minner, seier Hanne Eide.

Kjenslelada

I dagane, vekene og månadene etterpå slo kjenslene inn. Den første tida sleit ho med å kome over sjokket. Eide var sjukmeldt i ein periode, men tvinga seg ut på turar, eller på trening nesten kvar dag. Det var hennar måte å få nokon form for normalitet inn i dagane sine.

– I byrjinga måtte eg kanskje gå heim midt i treninga, fordi eg begynte å grine eller eg såg venene mine. Det vart nesten sårt å møte dei fordi dei var nokon eg var glad i, så fekk eg frykt i meg for å miste dei eg var glad i. Eg var veldig kjensleladd.

Fleire gonger reiste ho også grytidleg på trening, slik at ho slapp å møte venene sine.

– Eg var ganske redd dei første månadene. Men no har eg innsett meir og meir kor skjørt livet er, så eg prøver å ta dag for dag. Ein veit jo aldri. Men eg prøver å ta litt om gangen.

Familie, venner og psykolog

Men Eide har tatt tida til hjelp.

Sidan seinsommaren i fjor, har ho fått god hjelp av psykolog, som snakka med ein gong i veka. For Eide, har det vore viktig del av at ho har klart å føle seg betre.

– I byrjinga var det veldig stille. Men no føler eg at det meste har blitt sagt, og no har eg vener som eg nesten seier like mykje til.

SAKNET: Sjølv om det store saknet fortsatt er der, tek ho tida til hjelp.
SAKNET: Sjølv om det store saknet fortsatt er der, tek ho tida til hjelp.

Det er verst når ho her heime i Årdal, og faren ikkje lenger er der. Då har ho følt mykje på saknet. Ofte blir det mykje papirarbeid då ho er heime også, då familien samlast.

Huset som foreldra eigde, har broren hennar kjøpt. Hytta måtte dei finne ei løysing på. Og bilen til Eide har vore registrert i faren sitt namn.

– Førre veke kom politiet etter meg med blålys, fordi skiltet og bilen ikkje var registrert på nokon. Det er veldig mykje papirarbeid etter nokon forsvinn. Det er alt ein ikkje tenkjer på.

Rutinene som vart så viktige

Då Eide er i Bergen, har ting gått veldig opp og ned. Av og til klarar ho ikkje gjere noko, og andre gløymer ho nesten det som har skjedd.

– For eg bur jo ikkje i Årdal, men når eg er i Årdal har eg følt veldig på det. Men no i det siste er det jo meir det at eg sakna at han er heime når eg reiser heim på besøk.

Trass ei tung tid har det vore viktig for å prøve å ta tilbake kvardagen. Hanne vende tilbake til jobb som personleg trenar, og som brukarstyrt assistent.

På hausten i fjor bestemde ho seg også for å at ho ville delta i bikinifitness igjen, noko ho også gjorde i 2019. Mora Jorunn Hove har alltid vore ei viktig støtte. Det var ho under oppkøyringen og konkurreringa i 2019, og også denne gongen er ho ein viktig støttespelar for dattera.

TRENING OG DIETT: Ho er no i siste innspurt før den første konkurransen i Sandefjord den 9. april.
TRENING OG DIETT: Ho er no i siste innspurt før den første konkurransen i Sandefjord den 9. april.

Dei siste månadene har difor mykje trening og ein streng diett prega kvardagen hennar, i oppkøyringen til den første konkurransen som er i Sandefjord i midten av april.

– Både jobb og oppkøyringen har gitt meg meir motivasjon og rutinar. Måndag til fredag er det jobb og trening. I helgene er det litt meir tid til å slappe av, men det eit stramt skjema, i alle fall no.

Tilbake til kvardagen

Ho har ein travel kvardag, og oppkøyringen til konkurransen tærer på kroppen og energien. Sjølv om nokon dagar er vanskelegare enn andre, er ho glad for at ho valde å gå i gang att med å prøve å leve eit normalt liv igjen.

Det trur ho faren hadde sett pris på.

– Eg prøver å tenkje på kva han ville at eg skulle ha gjort. Lagt meg ned på sofaen, eller køyrt på som vanleg.

VEGEN VIDARE: Hanne Eide trur og håpar at faren hadde sett pris på at ho set seg nye mål i privatlivet, for treningen og for jobben. No som treningskonkurransane er ferdige om eit par månedar, ser ho fram til å tilbringe meir kvalitetstid med både familien og vennene.
VEGEN VIDARE: Hanne Eide trur og håpar at faren hadde sett pris på at ho set seg nye mål i privatlivet, for treningen og for jobben. No som treningskonkurransane er ferdige om eit par månedar, ser ho fram til å tilbringe meir kvalitetstid med både familien og vennene.
Powered by Labrador CMS