
Sogndal kommune slit med rekrutteringa. Ein ny rapport spår ikkje betring i forholda
Kommunedirektør Tor-Einar Skinlo er budd på større utfordringar i åra som kjem.
Fleire eldre og færre yrkesaktive vil gjere ei allereie utfordrande rekrutteringssituasjon innanfor fleire tenesteområde og avdelinga, vanskelegare for Sogndal kommune i framtida.
Det skriv konsulentselskapet Agenda Kaupang i ein rapport dei har lagt fram onsdag.
I ein pressemelding seier kommunedirektør Tor-Einar Skinlo seier at ein allereie i dag opplever utfordringar ved rekruttering, og då særskilt innanfor faggruppene sjukepleiar og lege.
– Dette vil i framtida utfordra oss i stadig større grad når store årskull går av med pensjon, og me møter ei framtid med stadig færre hender. I tillegg vil me frå 2026 og i åra framover få ein sterk auke i tal eldre, seier Skinlo.
Og held fram:
– Då blir dei første etterkrigskulla 80 år. Mange vil vera friske og aktive eldre, men fordi det blir fleire, vil me likevel få mange som skal ha tenester frå oss.
– Eg er svært takksam
Kommunedirektør Skinlo seier og at kommunen sine tenester òg har utfordringar, fordi dei ikkje har gode nok verktøy til å kartlegge i samband med tildeling av tenester.
Det gjer det utfordrande å innvilga likeverdige tenester til innbyggjarane, peiker Skinlo på.
– Dette skjer samstundes som me i liten grad har teke i bruk velferdsteknologi, og klarer difor heller ikkje å ta ut gevinstar ved å jobba smartare, seier kommunedirektøren.
Marit Reppen er kommunalsjef for helse- omsorg i Sogndal kommune.
Ho fortel at prosessen med rapporten har vore grundig, og at dei både har fått bidrag frå konsulentselskapet, og dessutan ressursar frå leiargruppa, hovudtillitsvalde og økonomiavdelinga.
– Det har òg vore gjennomført intervju med fleire tilsette, tillitsvalde og leiarar. Eg er svært takksam for at så mange har delteke og brukt sin kompetanse og tid inn i prosjektet, seier Reppen.

– Ingenting er bestemt
I rapporten frå Agenda Kaupang, vert det òg peika på ei rekkje tiltak som kommunen kan verkstelle, for å kutte kostnadar.
Mellom anna visar deira analysar at kommunen kan kutte nesten 35 millionar kroner ved å levere tenester på snittet av deira referansegruppe.
Mellom anna vart det foreslått å redusere bemanninga på sjukeheim, under atterhald om at dette må greiast ut.
– Rapporten gjev oss kunnskap om tenestene våre i dag og peikar på moglegheita me har. Eg ynskjer å understreka at ingenting er bestemt, og at me no skal ha ein grundig prosess framover, seier Reppen.
Og legg til:
– Me arbeider no fram mot kommunestyremøtet i juni, der politikarane skal handsama saka med ei fagleg tilråding. Nokre tiltak blir tilrådd i juni, og så må me halda fram med utviklingsarbeidet i sektoren.