
Stein i vegbana stengde fylkesveg: – Var heilt sikker på at det var ein bil
Ein stor stein i vegbana stengde Fv. 50 Aurland – Hol i morgontimane torsdag.
Det var brøytemannskap på strekningen Fv. 50 Aurland – Hol som kom over den store steinen i vegbana natt til torsdag.
– Den dekkjer ein og ein halv, nesten to vegbaner, sa trafikkoperatør ved Statens vegvesen Jørgen Bødtker tidleg torsdag morgon.

Ein av dei som kom til staden var ein tilsett for Geilo Tomteservice som tek oppdrag for Presis Vegdrift.
– Det var ein av karane våre som skulle innover fordi det var litt snø. Når han såg steinen i vegen ringte han meg. Han var heilt sikker på at det var ein bil som låg på vegen då han kom køyrande, seier Sigbjørn Mørk i Geilo Tomteservice.
I 7-tida vart vegen opna opp etter at steinen hadde vorte flytta til side. Skadar på vegen gjer at den vil bli lappa saman i løpet av nær tid, men ikkje i dag, fortel byggjeleiar Geir Ove Engebø i Statens vegvesen.
– Me tek det når det er asfalt til det, det var ikkje så hakkande gale.

Ein geolog skal inn for å sjekke området, men førebels meiner Engebø det skal vere trygt å køyre på vegen.
– Kvifor vil de sjekke då?
– Steinen var stor og det er greitt for å sjå om det er meir som kan kome på eit seinare tidspunkt.