Bilulykke i Sogndalsdalen - to bilar involvert

Publisert Sist oppdatert

110 Vest melder om ei bilulykke i Sogndalsdalen like etter klokka 19:00.

To bilar skal vere involvert i ulykka. Brannvesen er på veg til staden.

Klokka 19:07 melder Vest politidistrikt at det er ein varebil og ein personbil som har vore i ei ulykke ves Selseng bru rv.5.

To personar skal vere involvert. Ingen av dei er fastklemde i bilane. Skadeomfanget er førebels ukjend, men det er snakk om store materielle skadar.

Trafikken skal gå delvis uhindra forbi.

Powered by Labrador CMS