11. oktober i 1989 vedtok Luster kommunestyre Luster sitt kommunevåpen. Våpenet er lett gjenkjenbart, med ni kvite lindeblad på blå bakgrunn.

Men vegen fram til kommunevåpenet var ikkje berre enkel.

Heile 26 år med intense drakampar måtte til før kommunestyret omsider samla seg.

Lenge var det denne einhyrningen som låg aller best an til å bli Luster sitt kommunevåpen.

Den var inspirert av våpenskjoldet til adelsslekta Kruckow som heldt til på Sørheim og Kroken på 14- og 1500-talet.

Den einaste motkandidaten var lenge desse sauane.

Men etter mange rundar over fleire år innsåg politikarane i Luster at dei ikkje klarte å bli samde om eit felles kommunevåpen som også oppfylde dei strenge heraldiske krava til Riksarkivet.

Difor tinga dei kunstnaren Inge Rotevatn frå Nordfjordeid for å kome med forslag.

Han leverte fire forslag til kommunevåpen for Luster.

Dersom Rotevatn hadde fått viljen sin hadde Luster sitt kommunevåpen kanskje sett slik ut.

Bladranken er ein forenkla versjon av kapitelmotivet som ein kan sjå på toppen av kvar av stavane i Urnes stavkyrkje. Dei ni blada som spenner ut frå motivet representerer kvart sitt kyrkjesokn: Fortun, Dale, Solvorn, Nes, Gaupne, Jostedal, Fet, Joranger og Hafslo.

Eit anna forslag var denne gullørna.

Også denne var henta etter motiv frå inne i verdsarvkyrkja på Urnes.

Desse to lauvknivane, eller "snedladn", var eit anna forslag som kommunestyremøtet hadde oppe til vurdering då dei i 1989 endeleg skulle bestemme seg. Knivane skulle symbolisere Luster som landbrukskommune.

Dette forslaget vart likevel fort avskrive, då Vik kommune kom i forkjøpet og kapra motivet.

Det siste forslaget var eit hjortegevir som skulle symbolisere den lokale dyrefaunaen og Luster som "frilufts- og hjortestammekommunen framfor nokon i Sogn og Fjordane".

Porten kjenner til minst 41 seriøse forslag til kommunevåpen til Luster, før ein til slutt kom til semje om dei kvite lindeblada på blå bakgrunn.

Kva er eigentleg historia bak kommunevåpenet som fungerer som eit samlande symbol for kommunen som i 1963 var samanslått av gamle Hafslo, Jostedal og Luster kommunar?

Våpenkappløpet

Eit kommunevåpen skal symbolisere og samle kommunen.
Men prosessen med å vedta kommunevåpen i Luster var alt anna enn samlande.

Publisert

Bli medlem og få tilgang til pluss-artiklar!

Månadleg

kr 119

Kjøp

Årleg

kr 1 299

Kjøp

Støtte- abonnement månadleg

kr 198

Kjøp

Powered by Labrador CMS