Marit Breistøl, Knut Arne Klingenberg, Trond Akre, Frøydis Helland, og Noralv Distad.
Foto: Privat
Meiningar:
Politiet i Indre Sogn treng meir ressursar
Politiet i kommunane Årdal, Lærdal og Aurland gjer ein veldig god jobb med dei knappe ressursane dei har til rådvelde. Men det er ikkje nok tid og politikraft til å arbeida med førebygging, og andre viktige oppgåver i samarbeid med kommunane gjennom politirådet.
Dermed blir det svikt i høve måla med politireforma.
Meiningar
Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg til Porten.no? Klikk her.
Regjeringa prioriterer dessverre nye kontor framfor ressursar til operativt arbeid. Dette er svært uheldig. I Indre Sogn trengst det midlar til politikontaktar som kan jobba tett og konstruktivt med kommunane og andre. Det er synd at dette ikkje vert prioritert og at tenestene nær folk ikkje blir gode nok.
Høgre sine ordførarkandidatar i regionen vil jobba aktivt for at Regjering og Storting snarast stiller opp med nødvendige midlar til vårt politi. Og me vil gå aktivt inn i det lokale politirådet for å jobba i lag for gode og trygge lokalsamfunn.