
Ytre Sogn-redaktør May Britt Eide er død
Torsdag 16.juni gjekk May Britt Eide bort. Ho vart 52 år gammal.
Sidan 2005 hadde ho jobba som journalist i Ytre Sogn. I 2017 tok ho over som redaktør, etter Rune Sviggum.
Det skriv Ytre Sogn.
– Ho var ein vaskeekte journalist med stor J, og ho la mykje ære i å levere så god lokaljournalistikk som mogleg til Ytre Sogn sine lesarar, skriv Stig Øvreås dagleg leiar i Tell Media.
– Det er langt fra enkelt å vere redaktør i ei lita lokalavis med små ressursar i ein tøff marknad, men May Britt stod fjellstøtt i denne rolla, skriv Øvreås.
Eide var lenge sjuk med kreft, og sovna inn med sine næraste rundt seg i heimbygda Vadheim.