HURTIGRUTEN: Det er dette skipet, Hurtigruten Richard With, som har gått på grunn.
Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Hurtigruten har losna etter å ha vore grunnstøytt ytst i Sognefjorden
Ingen vart skadde då Hurtigruteskipet Richard With gjekk på grunn ytst i Sognefjorden fredag. Skipet har no losna og blir slept i hamn.
TV 2 melde rundt klokka 16 fredag at Hurtigruteskipet har losna av seg sjølv.
Like før klokka 9 mista skipet fart og grunnstøytte i Steinsundet ytst i Sognefjorden, ifølgje data frå Kystverket.
Ingen er skadde, og det er ikkje rapportert om at skipet tek inn vatn, opplyste Anja Bakken i Hovudredningssentralen (HRS) til NTB tidlegare i dag. Ho fortalde at skipet ligg stabilt.
Skadeomfanget er avgrensa, med ein mindre skade på bulben på skipet og fremre ballasttank. Det er ikkje påvist nokon lekkasje av miljøskadeleg materiale frå skipet, skriv Hurtigruten i ei oppdatering rundt klokka 14.30.
Hurtigruteskipet var på veg til Bergen etter eit opphald på Myklebust Verft på Gurskøy på Sunnmøre. Om bord var eit mannskap på 53, i tillegg til 14 personar som gjorde etterarbeid frå verftsopphaldet.
Teknisk systemfeil
Årsaka til at MS Richard With grunnstøytte var ein teknisk systemfeil som førte til at skipet mellombels mista styring.
– Det var aldri nokon fare for liv og helse. Situasjonen kom raskt under kontroll, seier pressekontakt Martin Henriksen i Hurtigruten Norge i ei pressemelding.
Alle 67 som var om bord då skipet gjekk på grunn, er framleis er på skipet.
– Kapteinen har vurdert at evakuering ikkje er nødvendig, seier Bakken.
Førebels er det ikkje planlagt noka evakuering før dykkarar har undersøkt skroget.
Venta på høgvatnet
Vaktsjef Øyvind Fagerheim hos Kystvakta fortalde tidlegare at floene vil vere på sitt høgaste klokka 17.00 i ettermiddag.
– Tida vil vise om hurtigruteskipet flyt av grunnen av seg sjølv. Det vil vere det mest optimale, fortalde Øyvind Fagerheim hos Kystvakta til Bergens Tidende.
Til VG sa Bakken i 14.15-tida at mannskap arbeider med å setje på slepetau.
Oppretta tryggingssone
Politiet oppretta tidlegare eit ferdselsforbod rundt Hurtigruten.
Arbeidet på staden blir leidd frå Kystvaktskipet KV Bergen.
MS Richard With vart bygd i 1993 og har ein kapasitet på 590 passasjerar. Det er 122 meter langt og 23 meter breitt. Skipet er kalla opp etter Hurtigrutens grunnleggjar.
(©NPK)