SEMJE: Prorektor for regional utvikling ved HVL, Geir Kåre Resaland synte onsdag fram eit døme på korleis namneprofilen for HVL kan vidareførast. Under styremøtet vart namnevalet stemt fram.
SEMJE: Prorektor for regional utvikling ved HVL, Geir Kåre Resaland synte onsdag fram eit døme på korleis namneprofilen for HVL kan vidareførast. Under styremøtet vart namnevalet stemt fram.

Det nye namnet er klart

Høgskulestyret har samrøystes vedteke det nye namnet.

Publisert Sist oppdatert

– Det er vanleg å gje barnet eit namn i god tid før konfirmasjonen, seier rektor Gunnar Yttri på Høgskulen på Vestlandet sine nettsider.

Under styremøtet på Stord vart det onsdag samrøystes vedteke at det framtidige namnet for utdanningsinstitusjonen skal verte Universitetet på Vestlandet.

Monopol på omgrepet?

Planen er å sende inn søknaden om universitetsakkreditering i 2023.

Formelt er det regjeringa og Kongen i statsråd som avgjer namnet når HVL får godkjent universitetssøknaden.

Språkrådet har tidlegare gjeve tilbakemelding om at Universitetet på Vestlandet monopoliserer omgrepet Vestlandet. Styreleiar Arvid Hallén tykkjer det er heilt naturleg at det vert slik dei no har stemt det fram.

– Me har fem campusar over heile Vestlandet, sa han òg i eit innspel frå styremedlem Alexander Papas. Dei var begge einige om at det «skulle berre mangle», skriv HVL.

Powered by Labrador CMS