NY GIV: Hydro investerer 63 millionar, og startar opp igjen PFA-linja.
NY GIV: Hydro investerer 63 millionar, og startar opp igjen PFA-linja.

Nytt liv i PFA1-linja: Investerer 63 millionar i resirkulering

Prosjektet vil og gje 14 nye årsverk.

Publisert Sist oppdatert

Hydro Årdal startar opp att drift i PFA1-støypelinja, det melder Hydro i ei pressemelding fredag kveld.

Beskjeden kjem same dag som hjørnesteinsverksemda feirar 75 år sidan oppstart.

– Me ser aukande etterspurnad etter aluminium med lågare karbonfotavtrykk, spesielt i bilindustrien. Salen av Hydro CIRCAL og Hydro REDUXA auka med 83 % frå fyrste kvartal 2021 til fyrste kvartal i år. Ved å utvikle teknologi og kompetanse til å ta inn brukt aluminiumsskrap også ved primærmetallverka våre i Noreg, kan me redusere fotavtrykket ytterlegare og utvide tilbodet vårt av Hydro REDUXA til ein svolten marknad, seier Eivind Kallevik, konserndirektør for forretningsområdet Aluminium Metal i Hydro.

Vidare skriv Hydro i pressemeldinga at målet deira er å doble bruken av resirkulert aluminiumsskrap innan 2025, frå kring 250.000 tonn til over 500.000 tonn i året.

Nytt liv

PFA1-linja vart stengd i 2011 etter lågare etterspurnad på marknaden. Etter at Paris-avtalen gav meir interesse i resirkulert metall, har PFA-linja no fått blåst nytt liv i seg.

Også lokalt i Årdal er det blest rundt meldinga.

– Dette er ei viktig satsing for Hydro i Årdal. Investeringa er forventa å verte på 63 millionar kroner. Den vil gje 14 nye årsverk og gje produkta våre eit endå lågare CO₂-fotavtrykk enn i dag. På den måten bidreg me til at kundane våre når klimamåla sine, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

Produksjon ved PFA-linja er venta å starte opp i 2023. Til dess vil arbeidet bestå av oppgraderingar og førebuingar.

Powered by Labrador CMS