YNSKJER DET BESTE FOR ÅRDAL: Ordførar Ivar Kvalen (SP) og resten av kommunestyret i Luster røysta torsdag for at Årdal må få behalda eineretten på krafta som vert utvunne i Fortunvassdraget. Spørsmålet er om Luster sitt ynskje vert lytta til. Arkivfoto.Arkiv
Luster ynskjer å hjelpa Årdal, men har ikkje høve til å pressa Hydro
Både ordføraren og landbrukssjefen i Luster seier at kommunen ynskjer å hjelpa Årdal, men at Hydro står i ein so sterk posisjon at det er avgrensa kva dei kan gjera.