Anne Grete kom ut som homofil då ho var 40 år: – Endrar ikkje personleg­heit fordi om ein står fram og fortel om si legning

– Eg sleit med å kome ut. Eg ville ikkje akseptere at eg var annleis.

Publisert Sist oppdatert

Denne saka vert løfta opp på ny i samband med at det torsdag 21.april er 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Norge.

– Det er ingen som spør om du er hetero, seier Anne Grete Njøs.

Anne Grete har opna heimen sin og vil dele historia si.

Mest med håp om at unge i dag tek steget og snakkar. I alle fall at dei fortel det til nokon. Det er viktig.

– Ingen skal gå og ha det vondt på grunn av legninga si, seier ho.

Lovforbod til 1972

I eit ope samfunn der Pride har vorte kjend for dei fleste, der partnerskap er tillate og synlege kjærteikn knapt sjokkerer nokon, kan det vere nyttig å hugse at sex mellom menn i Norge faktisk var forbode ved lov heilt fram til 1972.

50 år er ikkje lenge sidan. Korleis har det vore å vokse opp som homofil i ei lita bygd i denne tida? Og har det vorte enklare å stå fram?

Gjennom møte med Anne Grete, som har vokse opp i denne tida, får me eit innblikk i korleis det faktisk har vore å leve som homofil.

Håpet hennar er at historia skal gjere det enklare for dei som framleis slit med å stå fram med legninga si.

Vaks opp i Luster

Anne Grete er fødd i Skjolden, men flytta til Luster saman med familien sin då ho var 1,5 år. Der har ho budd mesteparten av sitt vaksne liv. I eit idyllisk hus like ved sidan av den kjende Lustrabui. Bedehuset og kyrkja er næraste nabo.

Heilt til ho var 40 år og stod fram med legninga si, frykta Njøs at miljøet rundt ho, familie og vener skulle snu seg vekk når ho endeleg sto fram.

Slik vart det heldigvis ikkje.

BARNDOMSHEIMEN: Anne Grete Njøs har levd aleine store delar av sitt liv, men i 2009 vart ho sambuar med Tove Raudi.
BARNDOMSHEIMEN: Anne Grete Njøs har levd aleine store delar av sitt liv, men i 2009 vart ho sambuar med Tove Raudi.

– Oppførte meg heilt hetero og var i lag med gutar, men det var noko som mangla

– Eg visste det frå tenåra - at eg likte jenter. Eg var likevel saman med gutar, men det var noko som mangla. Eg måtte berre leve «normalt». Det var ein måte å overleve på, understrekar ho.

Ho fortel vidare at kjenslene for jenter var der, men at ho gøymde dei vekk. Ho bar på ein tanke om at det ikkje var normalt. Dette innebar og skrekkscenario om at familie og vener garantert ville snu ryggen til henne om ho sto fram som lesbisk.

– Dei kjem ikkje til å godta det, var tanken ho bar på.

Då Anne Grete kom med flyttelasset til sin første og ordentelige sambuar inn til heimen i Luster, skjedde det motsette. Gleda var stor. Der sto det nemleg tolv gode vener og venta for å ta imot kjærasteparet.

Tårene sprett fram i auga hennar når ho hentar fram minnet.

ENDELEG: Som 40-åring kunne Anne Grete endeleg vise sin kjærleik opent. Ho vart då sambuar med Tove Raudi.
ENDELEG: Som 40-åring kunne Anne Grete endeleg vise sin kjærleik opent. Ho vart då sambuar med Tove Raudi.

Dette var i 2009. Då var Anne Grete fylt 40 år. Før det hadde ho hatt to jentekjærastar, men det var forhold som hadde vore skjulte.

– Det rører ved meg, sjølv så lenge etterpå. Det var så flott og eg sette så stor pris på det. Eg er utruleg takknemleg og audmjuk, seier ho. Det motsette av det eg frykta skulle skje, skjedde.

Ho vart sambuar med Tove Raudi. Etter fem år flytta dei til Vikersund. Dei heldt saman i 13 år og sjølv om forholdet tok slutt i 2020, så har dei eit godt forhold i dag. Anne Grete er takksam for at ho fekk etablere så god kontakt med Tove sine barn og barnebarn.

Sjølv har ho ikkje fått eigne barn. Det har heller ikkje vore eit sakn, sjølv om ho trivast godt med barn og får god kontakt med dei.

Ho har vore mykje i Gambia og har hatt fleire fadderbarn der. Noko som har betydd mykje.

FADDERBARN: Njøs har mange fadderbarn, både i Gambia og i Norge.
FADDERBARN: Njøs har mange fadderbarn, både i Gambia og i Norge.

– Har du opplevd noko negativt med å stå fram?

– For min del så har eg berre hatt positive erfaringar med det å stå fram som lesbisk. Eg har ikkje fått eit vondt ord frå nokon.

– Det gjekk nok mest på min eigen redsel for korleis folk rundt meg ville reagere, seier ho.

Tøffe tider

Anne Grete flytta tilbake til Sogn etter brotet. Då falt valet på Øvre Årdal, der ho har gode vener og familie. No bur ho åleine, men ho trur framleis på kjærleiken.

– Det er fint å ha nokon å dele opplevingar med, seier ho.

– Korleis opplevde du å stå fram som homofil?

– Det har vore tøffe tider. Det var nok mest mine sperrer, eg torde ikkje å vere open. Difor har eg budd åleine nesten heile livet, sjølv om folk sikkert skjønte det, reflekterer ho.

Ho fortel om ei hending som var avgjerande for at ho sto fram. Ei dame som ho hadde eit skjult forhold til, før ho vart sambuar, drog ho i gang.

Ho oppfordra henne til å kome ut. Det vart eit viktig val som har fått stor betydning for resten av livet hennar.

– Det gjekk jo bra, til og med i vesle Luster, tenk det ler ho.

– Sjølv om eg budde ved sidan av bedehuset og kyrkja, så har eg alltid vore på godsnakk med alle rundt meg. Og eg som ikkje torde å fortelje, for eg var livredd for alle som kom til å snu seg vekk, fortel ho.

Gode hjelparar

I dag er Anne Grete ufør. Ho er open om at ho har slite med depresjon og vore innlagt fleire gonger.

– Det har vore eit helvete. Men eg har fått god hjelp. Eg har hatt folk rundt meg, men det har vore vanskeleg for dei å hjelpe når eg har hatt det tøft og vore langt nede.

For nokre år sidan møtte ho og den dåverande sambuaren ei dame som skulle bety mykje. Ho heiter Bergit Loen Hatlenes og er i dag over 80 år. Den gong dei møttest arbeidde ho som healer. Anne Grete var då så langt nede at ho kjende på at det ikkje var verdt å leve lenger.

HEALING: Anne Grete Njøs fekk god hjelp hjå Bergit Loen Hatlenes.
HEALING: Anne Grete Njøs fekk god hjelp hjå Bergit Loen Hatlenes.

Hatlenes gav ho to behandlingar kvar dag i ei lita veke. Ho stadfesta at det var vanskeleg å kome gjennom for å hjelpe. Likevel fekk Anne Grete klar melding om at behandlinga skulle verke når ho kom heim.

Dette møtet skjedde for 4–5 år sidan og etter det har ho ikkje vore i nærleiken av å ha det så vanskeleg.

– Det er viktig å finne måten som er best for deg, om du treng hjelp. Kva er komfortabelt for deg? Det viktigaste er uansett å få hjelp og støtte, konkluderer ho.

Hennar tidlegare sambuar var og eineståande i den tida der ho hadde det så vanskeleg.

DIKT: Dette diktet vart skrive til henne av naboen hennar Sjur Fuhr i Luster. Det har betydd mykje for ho seinare i livet.
DIKT: Dette diktet vart skrive til henne av naboen hennar Sjur Fuhr i Luster. Det har betydd mykje for ho seinare i livet.

– Korleis har det vore å flytte til Årdal?

– Eg føler at eg har gjort det rette, seier ho.

For sjølv om ho ufør, er ho delvis i jobb igjen. Ho har alltid hatt ein draum om å køyre store køyretøy. Difor fann ho ut, rett før ho fylte 40 år, at ho skulle ta eit fem vekers kurs i Volda på lastebil, buss og trailer. Kurset var tøft, men ho greidde det.

I tida som kom køyrde ho semitrailer for Lerum. Det vart lange dagar og einsamt i lengda. Anne Grete er sosial av seg så ho oppsøkte Sogn Billag med håp om ein anna jobb. No har ho ein fleksibel avtale om å køyre buss dei dagane helsa greier det.

– Eg trivast kjempegodt. Det er kjekt å treffe folk og vere sosial, seier ho.

Anne Grete er utdanna hjelpepleiar/vernepleiar og har i sitt tidlegare yrkesaktive liv jobba med det meste innan helsesektoren.

Trur på kjærleiken

– Eg har det veldig bra åleine i dag. Men eg saknar nokon å vere saman med. Nokon å bu med og finne på ting med. Nokon å vere glad i.

– Men det er ikkje så mange å finne akkurat utanfor dørene her, ler ho.

POSITIV: Anne Grete Njøs opplevde det motsette av det ho frykta mest. At familie og vener skulle snu ryggen til henne. Slik vart det ikkje.
POSITIV: Anne Grete Njøs opplevde det motsette av det ho frykta mest. At familie og vener skulle snu ryggen til henne. Slik vart det ikkje.

Njøs håpar og trur det er lettare å vere homofil i dag, enn då ho vaks opp. Ho håpar at dei som er sterke nok tek skritt og fortel det til nokon.

Ho trur det framleis kan vere slik at det for nokon er eit mykje større steg å koma ut dersom ein bur i små bygder. Dei som bur i byane har eit mykje større miljø, der ein kan treffe likesinna.

– Det er ofte ikkje så gale som ein sjølv vil ha det til. Tenk at homofili vart sett på som ein sjukdom i si tid. Ein kunne verte lækt med religion. Eg blir kvalm, men stakkar, dei visste ikkje betre.

Powered by Labrador CMS