HEIDER: IL Jotun fekk heider for framifrå arbeid med dommarar. Med 25 aktive er dei ein føregangsklubb i så måte. Leiar for arbeidet Davy van Menxel t.v har ei god gruppe å støtta seg på. Ruth Laberg, Ivar Otto Øren, Matthias van Menxel, Anita Laberg Øvstetun, Monica Høl Øvstetun og Henrik Rønningen. Rune Hunderi, ikkje med på biletet, er og aktivt med her.
Foto: Jon Navarsete
Fortent heider til eldsjeler: – Me er eit lag
Idrettslaget Jotun fekk ein velfortent påskjønning for innsatsen dei legg ned for dommarane i klubben.