SMITTE: Laurdag kveld vart det bekrefta smitte på Årdal sjukeheim på Årdalstangen.
SMITTE: Laurdag kveld vart det bekrefta smitte på Årdal sjukeheim på Årdalstangen.

Smitte på sjukeheim: Stengjer for besøkjande

Det er avdekkja smitte på ein av bebuarane og kommunen stengjer difor sjukeheimen til dei har oversikt over smittesituasjonen.

Publisert Sist oppdatert

Det vart seint laurdag kveld sendt ut melding om smitte i andre etasje på Årdal sjukeheim.

I pressemeldinga skriv kommunen at alle bebuarane og tilsette på avdelinga er fullvaksinerte.

Kommunen gjennomfører smittesporing fortløpande.

Sjukeheimen vert stengd for besøkjande til dei har oversikt over situasjonen. Det blir også innført påbod om munnbind på sjukeheimen.

Powered by Labrador CMS