SOGNDAL: To nye er smitta i Sogndal. Éin nærkontakt og ein med smitteveg frå Bergen.
SOGNDAL: To nye er smitta i Sogndal. Éin nærkontakt og ein med smitteveg frå Bergen.

To nye smitta i Sogndal

Kommunen har fått endå to nye positive prøvesvar.

Publisert

Torsdag er to nye personar i Sogndal stadfeste smitta.

Ein av dei har kjend smitteveg frå Bergen og er dermed urelatert til tidlegare utbrot i Sogndal. Kommunen har teke føre seg smittesporing, og nærkontaktar er varsla og blir testa i morgon.

Den smitta personen er sett i isolasjon.

Den andre smitta personen hadde status som nærkontakt og har vore i karantene sidan førre veke. I dette tilfellet er òg smittesporing gjennomført. Ingen nye nærkontaktar er funne.

Totalt seksti personar har blitt testa i dag.

Powered by Labrador CMS