ULUKKE: Det var kø utanfor Lærdalstunnelen.
ULUKKE: Det var kø utanfor Lærdalstunnelen.

Mann frå Sogn omkom i ulukke i Lærdalstunnelen

Omkomne var ein mann i 70-åra.

Publisert Sist oppdatert

Oppdatering:

Like etter midnatt meldte Vest politidistrikt at dei var ferdige med åstadsundesøkinga på staden.

– Avdøde er ein mann frå Sogn, skriv dei i pressemeldinga.

Saka vert etterforska av Sogn Politistasjondistrikt.

Tunnelen vart opna att klokka 23:40.

Starta førstehjelp

Klokka 21:53 melder Vest Politidistrikt at ein mann har omkome i ei ulukke i Lærdalstunnelen.

Andre vegfarande varsla om ulukka og starta førstehjelp. Helsepersonell arbeida med vedkomande på staden, men klokka 21:31 vart det klart at ulukka enda som ei dødsulukke.

Dei pårørande er ikkje varsla.

Ulukka fann stad om lag ei mil inne i tunnelen, frå Lærdalssida. Vest politidistrikt skreiv klokka 20.35 at ein bil skal ha køyrt i tunnelveggen.

Vegtrafikksentralen vest melder på Twitter at tunnelen kjem til å verte stengd utover natta.

Dei listar opp omkøyring via fylkesveg 50 Aurland – Hol, riksveg 7 på Hardangervidda og Riksveg 13 over Vikafjellet. Det vert sett opp ekstraferje på sambandet Vangsnes – Hella – Dragsvik.

Klokka 23.36 melder Vegtrafikksentralen vest at tunnelen er open.

Powered by Labrador CMS