Funn av død person i Lærdal

Kommunen har sett ned kriseteam.

Publisert Sist oppdatert

I går natt og i dag har politiet, Raude Kross, Norsk Folkehjelp, Sivilforsvaret og Norske redningshundar delteke med frivillige i Lærdal i søk etter ein sakna mann i 60-åra i Lærdalselva. Søket har konsentrert seg om områda kring Lærdalselva og Ljøsne.

Like før klokka 16.00 tysdag vart det gjort funn av ein død person i Lærdalselva.

– Identiteten er ikkje stadfesta, men det er grunn til å tru at det er den sakna mannen som er funne, skriv politiet i ei pressemelding.

Pårørande er informert, og Lærdal kommune følgjer opp med psykososialt kriseteam.

Etterforskar vidare

Politiet held fram med etterforskinga, men det står fram som ei tragisk ulukke, seier politiet vidare. Det er ikkje nokon indikasjon på at avdøde har vorte utsett for noko straffbart.

Operasjonsleiar Jørgen Ommedal har stadfesta overfor NTB tidlegare tysdag at han var sesongarbeidar og jobba saman med familien i Lærdal.

Publikum bes ta kontakt med politiet på telefon 02800 eller direkte hjå Lærdal politistasjon viss dei har opplysingar.

Powered by Labrador CMS