Året som var

MOT SI HENSIKT: Regionrådet i Sogn har tidvis opptredd alt anna enn samla i 2021.
MOT SI HENSIKT: Regionrådet i Sogn har tidvis opptredd alt anna enn samla i 2021.

Regionrådet har vore ein fristad for ein krevjande kommunepolitikk. Slik vart det ikkje i haust

Publisert Sist oppdatert

Sju menn i sin beste alder som sit samla i ein sofakrok med kvar sin kaffikopp snakkar om lause fjellmassar og faste framtidsplanar for regionen. Vittige kommentarar, morosame skrøner og eit par signaturar på flotte planar om inkludering, jobb til alle og at Sogn generelt skal bli verdas beste plass å bu.

Sju menn som til slutt nikka og sa seg einige i ein felles uttale om stort og smått, sa «greitt da», takka for seg, og reiste kvar til sitt.

Slik har underteikna alltid sett føre seg gjengen i Sogn regionråd.

Heilt til hausten 2021. Då skulle mykje endre seg.

Skråblikk

I romjula ønskjer me i nettavisa Porten og ta eit ironisk skråblikk på sakene som har prega året som har gått. Artikkelen gir utrykk meiningar, og er ei tolking av sakene den kommenterer.

Eit par møte mellom nokre kommunar i Indre Vestland og ein historikar med eit tastatur. Det var det som skulle til for å få glansbiletet om konsensusrådet Sogn regionråd til å slå sprekkar.

Eit bilete kan seie 1000 ord. Det kan kanskje biletet Sogn regionråd publiserte på sine sider 6. oktober i år vere eit vitnesbyrd om.

I Øystese stod elleve menn i sin beste alder og myste stolt mot den klare haustsola. Dei hadde nett sikra samarbeidet mellom sogningane og kommunane i Hardanger. Saman skulle dei sikre ein sterk indre region mot bergensarane.

Men det var også ein tolvte mann. Heilt bakarst, gøymd mellom Hilmar Høl og Arnstein Menes stod Petter Sortland gøymd.

Han er ikkje lett å få auge på, der han står. Bak alle andre. Ein kan lure på om det ikkje var med ein liten bismak han stod der. For i Høyanger hadde ein allereie byrja å stille spørsmålet:

Var det dette me signerte på då kommunen tok seg inn att i regionrådet i 2013?

Det er jo like langt til Hardanger som til Hareid på Sunnmøre.

At Jenny Følling frå rådhuset i Førde lokka med korte avstandar og eit nytt, spennande samarbeid med dei andre kommunane i fjordane, gjorde nok ikkje valet lettare.

Saman med resten av Arbeidarparti-gruppa vart tvilen på at Sogn var rett plass å vere sterkare over tid.

Medan ordførarane i Sogn snakka om golfbane i Lærdal, skøytebane i Lærdal, utviding av Haukåsen, utbetring av Gravensteinsgata, tok eit spørsmål form.

Skulle Petter Sortland vere årdølen som tok Høyanger ut av samarbeidet i Sogn?

Til slutt måtte han vere ærleg. Høyanger ville vekk. Einar Rysjedal gjorde sitt for å kjempe mot. Men det vart som det måtte bli i Høyanger.

Arbeidarpartiet ville vekk.

Då blir det slik.

Men historia om Høyanger er berre den minste av dei to historiene som skaka Sogn regionråd denne hausten.

For medan Arbeidarpartigruppa i Høyanger diskuterte seg mellom, tok ein prest, ein hotelldirektør, ein historikar og ein cider-produsent til tastaturet i Balestrand.

Innlegga deira skulle vere med på å sette fyr på Sogn regionråd.

Det vekte liv i ein debatt me alle trudde var død, nemleg den om bru over Esefjorden.

Debatten tok fart for alvor då innbyggjarane på sørsida av fjorden endeleg sa seg leie av å få stein i hovudet på veg til skulen, medan andre fekk bru til store summar.

Dei såg til Esefjorden med forarging, og fekk med sin eigen ordførar i kampsaka.

Nokre få dagar etter på kasta regionrådsleiar og partikollega Hilmar Høl seg inn med hovudet først. Slik pengebruk var galskap, meinte han.

Igjen stod Arnstein Menes opptrekt, forbanna, frustrert, skuffa og sjokkert. I april hadde han aldri vore nærare realisering av brua. I november var den aprildagen ein fjern draum.

Medan argumenta hagla prøvde dei resterande ordførarane fortvila å roe gemytta, med god hjelp frå KrF. Men til ingen nytte.

Det heile enda i at eit unormalt stort pressekorps kvessa blyanten og sette seg klare då regionrådet skulle møtast til årets siste møte på Quality Hotel Sogndal. Klare for oppvasken som skulle kome.

Men over natta hadde noko skjedd. Julefreden senka seg, og forbrødringa var tilbake. Regionrådet var einige om ein felles uttale.

Me får håpe det held fram i 2022, og truleg gjer det nok det. I alle fall heilt til ein Sp-ordførar og ein Ap-ordførar er ueinige om noko.

Powered by Labrador CMS