UHELL: Det har vore eit trafikkuhell på Kjørnes mellom Kaupanger og Sogndal.
UHELL: Det har vore eit trafikkuhell på Kjørnes mellom Kaupanger og Sogndal.

Trafikkuhell i Sogndal

Vegen er open.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 18.25 melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter at det har vore eit trafikkuhell på Kjørnes i Sogndal. Det er redusert framkomst på staden.

Litt etter melder Vest politidistrikt på Twitter at det er store materielle skadar, men at føraren, som var åleine i bilen, skal tilsynelatande vere uskadd.

– Me er på staden. Ein mann vert køyrt til legekontor, og førarkortet hans er kverrsett, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Porten.

Det skal dreie seg om ein mann i 70-åra, og det er ifølgje Hausvik mistanke om at vedkomande har sovna bak rattet.

Klokka 20.03 melder politiet at dei er ferdige på staden, og at dei opprettar sak.

Oppdatering: Klokka 20.24 melder Vegtrafikksentralen vest at vegen er open for trafikk.

Powered by Labrador CMS