GLATT: På fjellet mellom Tyin og Årdal er det salta onsdag føremiddag.
GLATT: På fjellet mellom Tyin og Årdal er det salta onsdag føremiddag.

Glatte parti mellom Tyin og Årdal. Snart kjem snøen

Fleire fjellovergangar rundt Årdal har utfordringar onsdag.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag føremiddag melder Statens vegvesen om glatte parti på Fv. 53 mellom Tyin og Årdal. Vegen blir no salta.

Frå ettermiddag er det venta snø i fjellet over 500 meter.

Trafikkoperatør Albert Sherington seier at ein bør ta omsyn til at det kan vere ulike forhold langs vegane, spesielt om ein skal over fjellovergangar.

– Me oppmodar dei som skal opp i høgda om å bruke vinterdekk, skriv Statens vegvesen på Twitter.

Tindevegen stengd

Tindevegen skriv på Facebook at vegen er stengd, dei held fram med at han vil vere det også i dagane som kjem,

Dei skriv vidare at vegen vil vere stengd dei komande dagane.

Powered by Labrador CMS