Mann funnen omkomen i Vik

Politiet seier det framstår som ei arbeidsulukke.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag ettermiddag skriv politiet i ei pressemeldingar om ein mann som vart funnen livlaus i ein silo på ein gard i Vik.

Mannen vart henta ut av siloen av mannskap frå politiet og brannvesenet. Mannen vart stadfesta omkomen på staden.

– Hendinga står fram som ei arbeidsulukke og politiet har gjort åstadundersøking, skriv Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt i pressemeldinga.

Dei pårørande er varsla om dødsfallet. Avdøde er ein mann i 60-åra heimehøyrande i Vik.

Politiet i Vik etterforskar ulukka.

Powered by Labrador CMS