KLAR BESKJED: Statsminister Jonas Gahr Støre ber den som sendte ein seksuelt trakkaserande melding til Liv Signe Navarsete i 2016 om å stå fram.
KLAR BESKJED: Statsminister Jonas Gahr Støre ber den som sendte ein seksuelt trakkaserande melding til Liv Signe Navarsete i 2016 om å stå fram.

Statsministeren støttar Navarsete – ber avsendaren av hyttetur-meldinga stå fram

– Det synest eg er heilt rimeleg, seier Jonas Gahr Støre.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag i førre veke bad tidlegare Senterparti-leiar og statsråd Liv Signe Navarsete avsendaren av ein seksuelt trakkaserande melding frå 2016 om å stå fram.

Meldinga vart sendt under ein hyttetur der fleire Sp-politikarar var til stades. No får Navarsete støtte av statsminister Jonas Gahr Støre.

– Det synest eg er heilt rimeleg. Senterpartiet har, så vidt eg veit, forsøkt å få til at ein av dei skal stå fram, men det har ikkje skjedd, sa Støre i NRK P2-programmet Helgemorgen på påskeaftan.

I førre veke sa Navarsete dette om saka:

– Å vera opne og ærlege om sanninga er heilt avgjerande for tilliten til politikarar. Difor må den som sende hyttetur-meldinga, ta ansvar og stå fram. Så lenge ingen tar ansvar, snekkes tilliten til alle, seier ho til NRK.

Navarsete fekk i førre veke støtte frå både den nyvalde forsvarsministeren Bjørn Arild Gram, og Senterpartiet sin parlamentariske leiar, Marit Arnstad.

Powered by Labrador CMS