Denne artikkelen vert oppdatert etter kvart som kampen utspeler seg.
Sogndal - Bryne 2-1 (1-0)
Ein ordentleg susar frå Valdimar Ingimundarsson etter ni minutt og ei scoring frå Andreas Hoven etter 62 speleminutt var nok til at Sogndal tok sesongens andre heimesiger på like mange forsøk, tysdag kveld.
Andreas Dybevik skapte likevel spenning ti minutter før slutt, då han kaldt reduserte frå straffemerket, etter at Renze Fji takla Henning Romslo i feltet.
Sogndal beheld dermed fjerdeplassen på tabellen, og står med sju poeng etter tre serierundar.
For Bryne ser ting langt mørkare ut. Dei ligg heilt sist i OBOS-ligaen, etter tre strake tap i serieopninga.
JUBEL: Sogndal sigra over Bryne tysdag kveld.Foto: Ola Skram
Kampreferat:
Gjestane frå Jæren var og blitt redusert til ti mann då Pål Aamodt blei utvist etter å ha takla Kristoffer Hoven då sistnemnde var på veg gjennom med keeper Elias Hayada.
90.speleminutt: Bryne gjev ikkje opp før fløyta går. Ballen vert slått inn frå venstre, men Fji fangar den uten problem.
90.speleminutt: Bytte for Sogndal.Matias Blårud kjem inn for Sondre Ørjasæter.
90.speleminutt: Jonsson dreg seg inn i bana frå høgre. Forsøker å legge ballen i lengste hjørne, men den går eit godt stykke til side for mål.
90.speleminutt: Fire minutt vert lagt til på Fosshaugane.
90.speleminutt: Det blir eit lite stopp i spelet når Andreas van der Spa ligg nede etter ein duell. Han kjem seg til slutt på beina.
88.speleminutt: Fji klarerar ein lang ball opp mot Kristoffer Hoven. «Let’s go, let’s go» er beskjeden frå assistenttrenar James Simmonds, men resten av laget kjem ikkje kjapt nok til.
88.speleminutt: Speaker annonserer at det er 1218 tilskodarar på stadion i dag.
87.speleminutt: Bryne set inn sluttspurten no. Bit seg fast på Sogndal sin banehalvdel. Enn så lenge står Sogndal godt imot presset.
84.speleminutt: Strålande gjort av Ulrik Mathisen. Han kjem seg inn framfor ein Bryne-forsvarar i ein løpsduell på venstrekanten, og får akkurat slått ballen 45 grader ut til ein medspelar. Like etter får han frispark mot seg, etter at dommar meiner han var for tøff i duellen.
82.speleminutt: Ulrik Mathisen får gult kort.
79.speleminutt: Scoring for Bryne! Andreas Dybevik set straffesparket kontant i mål, nede i høgre hjørne.
77.speleminutt: Så får Bryne straffespark! Renze Fji taklar Henning Romslo og får gult kort.
74.speleminutt: Enorm Sogndal-sjanse! Ulrik Mathisen dansar seg forbi Bryne-forsvararane etter corneren, og finn Kristoffer Nessø på bakarste stolpe. Angriparen set ballen i tverrliggjaren!
73.speleminutt: Kristoffer Hoven tvinger fram eit hjørnespark for Sogndal.
71.speleminutt: Sogndal gjer to bøtter. Ingimundarrson går ut og Axel Kryger kjem inn. I tillegg går Hördur Ingi Gunnarsson ut, medan Jonatan Ingi Jonsson kjem inn.
HIGH FIVE: Per-Egil Flo og Sondre Ørjasæter var nøgde etter at Sogndal scora sitt andre for dagen mot Bryne.Foto: Ola Skram
70.speleminutt: Kristoffer Nessø finn Ulrik Mathisen med hjørnesparket. Ungguten klarar ikkje å få avslutninga på mål, men set den i staden over tverrliggjaren.
69.speleminutt: Sogndal får eit hjørnespark.
67.speleminutt: Romslo avsluttar frå kort distanse inne i Sogndal-boksen. Fji reddar meisterleg. Ein av Bryne sine beste sjansar.
63.speleminutt: Bryne-spiss Arne Gunnes testar skotfoten. Skotet er hardt, men upresist. Det går over mål til utspark frå Renze Fji.
62.speleminutt:Ny Sogndal-scoring. Denne gong ved Andreas Hoven! Sogndal kombinerer fint på venstresida, og Flo finn Andreas Hoven i feltet. Han set ballen kontant i mål.
60.speleminutt: Bryne kjem nesten til ein stor sjanse når Andreas Dybevik får ballen inne i boksen. Dybevik får likevel aldri heilt stokka beina og avslutta. Sløsing av gjestane.
57.speleminutt: Corneren vert tatt kort. Sogndal bit seg fast djupt inne på Bryne sin halvdel. Til slutt får Sondre Ørjasæter skote, men skotet blir blokkert av ein Bryne-spelar, før ballen endar hos keeper.
56.speleminutt: Per-Egil Flo slengar seg inn på akrobatisk vis mot et innlegg på bakarste stolpe. Tvingar fram eit hjørnespark.
54.speleminutt: Sondre Ørjasæter vil mykje i angrep for Sogndal. Han utfordrar på venstrekantenl, men lukkast ikkje heilt med å ta seg forbi alle Bryne-forsvararane.
KAPTEIN: Per-Egil Flo var involvert i mykje for Sogndal i kampen mot Bryne tysdag kveld.Foto: Ola Skram
53.speleminutt: Ørjasæter og Mathisen kombinerer fint for Sogndal. Mathisen speler ballen vidare til Nessø, som får slått ballen inn framfor. Igjen er Ingimundarsson høgt i bana, men ballen går til slutt ut til utspark frå mål, etter ein duell i boksen.
52.speleminutt: Per-Egil Flo slår inn frå høgre. Innlegget finn Ingimundarsson, som header til sides for mål.
49.speleminutt: Sogndal får etablert seg inne på Bryne sin banehalvdel. Ballen fell til slutt til Ingimundarsson som rappar til. Målscoraren sitt forsøk vert stoppa av ein Bryne-spelar som kastar seg inn framfor skotet.
48.speleminutt: Per-Egil Flo speler ballen fint ut til Sondre Ørjasæter på venstrekanten. Han tråklar seg innover i bana nede mot dødlinja, men ballen går ut til utspark frå mål.
46.speleminutt: Den andre omgangen er i gang på Fosshaugane.
PAUSE.
45.speleminutt: Frisparkvarianten fungerer ikkje så bra for Sogndal. Nessø slår ballen inn, men den blir klarert unna. Sogndal får likevel ballen tilbake att, då Ulrik Mathisen vert takla hardt. Ballen går til slutt ut til utspark, etter eit Sogndal-angrep.
43.speleminutt: Så får Bryne raudt kort! Kristoffer Hoven blir klippa ned av Pål Aamodt, i det spissen er i full fart mot Elias Hadaya sitt mål. Det blir frispark i god posisjon for Sogndal.
41.speleminutt: Over høgtalaranlegget blir det annonsert at Skeid har utlikna mot Brann i Oslo. Det blir møtt av stor jubel hos Saftkokaradn.
40.speleminutt: Nessø jagar ein ball som går heilt inn til Bryne-keeper Hadaya. Kastar seg inn med mykje kraft, men unngår å treffa sisteskansa.
37.speleminutt: Det er dryge åtte minutt igjen til pause. Sogndal verkjer førebels å ha god kontroll på dette.
MÅL: Slik såg det ut då Sogndal feira Valdimar Ingimundarsson sitt mål etter ni minutter av fyrsteomgang.Foto: Ola Skram
33.speleminutt: Godt gjort av Ørjasæter når han krigar til seg ballen for Sogndal på si venstreside. Får til slutt frispark. Det vil Sogndal ta kjapt, men dommar Tennøy seier nei.
32.speleminutt: Bryne har spelt seg inn i farlege posisjonar ved fleire høve. Dei har likevel slite med å kome til dei største sjansane. Kanskje kjem det av at dei manglar sin tidlegare storscorar Joacim Holtan, som gjekk til FK Haugesund før denne sesongen.
30.speleminutt: Så er Bryne farleg frampå. Etter eit lengre angrep får dei avslutta, men skotet er ikkje godt nok til å true Renze Fji i Sogndal sitt mål.
28.speleminutt: Strålande gjort av Kristoffer Nessø. Spissen dreg av fleire Bryne-spelarar, og får med seg ballen inn i god skotposisjon. Skotet er derimot for hardt, og går over mål. Kunne blitt farleg, det der.
26.speleminutt: Bryne ligg forholdsvis lågt med laget sitt. Det gjev Sogndal-stopparane van der Spa og Roseth god tid til slå ballen opp i bana.
HJØRNESPARK: Sogndal fekk mange cornerar mot Bryne. Her tek Kristoffer Nessø ein av dei.Foto: Ola Skram
23.speleminutt: God Sogndal-sjanse! Sondre Ørjasæter får ballen i ein god posisjon, dreg seg litt innover i bana og set ballen litt for langt til høgre. Det blir utspark frå mål.
18.speleminutt: Kristoffer Nessø får seg ein smell i ein tøff duell med ein Bryne-spelar. Får ikkje frispark. Ser ut til å ha fått vondt bak på leggen, men klarer å springe det av seg.
16.speleminutt: Andreas van der Spa sender ein lang ball inn bak forsvaret til Bryne. Ballen går heile vegen inn til keeper.
15.speleminutt: Bryne-spelar Jørgen Voilås prøver seg på eit spektakulært forsøk, då han saksesparkar i veg eit skot. Avslutninga vert aldri farleg for Renze Fji.
13. speleminutt: Sylfrekt forsøk frå Andreas Hoven. Han dreg seg innover i sekstenmetaren og prøvar å skru ballen i lengste hjørne. Skotet går like over mål.
MÅL: Valdimar Ingimundarsson sendte Sogndal i leiinga etter ni minutt under heimekampen mot Bryne tysdag kveld.Foto: Ola Skram
12.speleminutt: Sogndal har så langt ikkje sleppt Bryne til særleg store sjansar. Gjestane frå Jæren har ennå ikkje tatt eitt einaste poeng i årets OBOS-liga, etter tap mot Sandnes Ulf og KFUM Oslo.
9.speleminutt: Så scorar Sogndal! Det er Valdimar Ingimundarsson som rappar til frå like utanfor sekstenmeteren. Skotet fyk i mål langs bak Elias Hadaya i Bryne-målet.
7.speleminutt: Så er det gjestane sin venstreback Pål Aamodt som kjem høgt i bana. Backen får avslutta, men skotet går til side for Renze Fji sitt mål.
6.speleminutt: Etter det skumle forsøket frå Bryne innledningsvis, er det Sogndal som har festa grepet om kampen. Dei kvite- og svartkledde har ballen mykje på gjestane sin halvdel.
5.speleminutt: Mange Sogndal-cornerar på kort tid no. Ballen blir slått inn og reinska unna, men Sogndal bit seg fast. Eit godt innlegg finn Andreas van der Spa på bakarste stolpe, men forsvararen får heller ikkje denne gongen sat ballen mot mål.
4.speleminutt: Corneren finn Andreas van der Spa inne i feltet til Bryne. Midtstopparen får ikkje styrt ballen mot mål.
3.speleminutt: Ballen vert slått lågt inn i feltet, og blir klarert unna til ny corner.
2.speleminutt: Kristoffer Nessø slår inn frå si høgreside. Bryne gjer Sogndal det fyrste hjørnesparket i kampen.
1.speleminutt: Bryne går rett i angrep. Det blir slått eit skummelt innlegg frå venstre mot høgre inne i Sogndal sin sekstenmeter. Ballen blir tatt ned, og det blir avslutta. Skotet går til side for mål. Ei tidleg åtvaring for heimelaget.
1.speleminutt: Då er kampen i gang på Fosshaugane!
Sogndal tek imot Bryne på Fosshaugane Campus tysdag kveld. Så langt i seriestarten er Tore André Flo sitt mannskap førebels ikkje blitt slått, etter å ha vunne mot Raufoss i fyrste serierunde, og at å ha spelt uavgjort mot Stabæk førre veke.
Ti av dei elleve som starta for Sogndal i Bærum, får tillit av Flo igjen. Den eine som startar på benken, er Mathias Blårud. Han vert erstatta av Andreas Hoven.
Slik startar Sogndal (4-4-2): Renze Fij – Hordur Gunnarsson, Andreas van der Spa, Martin Ove Roseth, Per-Egil Flo – Andreas Hoven, Ulrik Mathisen, Valdimar Ingimundarson, Sondre Ørjasæter – Kristoffer Hoven, Kristoffer Nessø
På innbytarbenken til Sogndal sit følgjande spelarar:
Sondre Midthjell, Axel Kryger, Eirik Lereng, Mathias Blårud, Erik Flataker, Jónatan Ingi Jónsson, Anders Nord, Kristoffer Haukås Steinset, Peter Michael Godly
Bryne stiller følgjande lag frå start: (4-4-2): Elias Hadaya – Christian Røer, Tobias Guddal, Rogvi Baldvinsson, Pål Aamodt – Andreas Dybevik, Jørgen Vollås, Henning Romslo, Daniel Hermansson – Sigurd Grønli, Arne Gunnes
Desse sit på benken for Bryne:
Igor Spiridonov, Sondre Norheim, Oliver Rotihaug, Paul Endre Ullenes, Sixten Dalen Jensen, Bjarne Langeland, Albert Braut Tjåland