Kollisjon i Sogndal
Like før klokka åtte måndag morgon melder Vest politidistrikt om ei trafikkulukke i Sogndal på riksveg 13 ved Ylvisåker.
To bilar skal vera involvert, der den eine bilen skal ha køyrd inn i den andre bakfrå. Det er fleire personar involvert og desse verkar alle oppegåande melder politiet på Twitter.
Dei melder òg om at trafikken går treigt forbi skadestaden.