Foto: Privat
Meiningar:
Det me i Senterpartiet ville løyse i 2020 er framleis ikkje løyst
Politikk handlar om å treffe vedtak. Det er ikkje alltid godt å sei no kva som er rett på sikt, men det
blir ikkje enklare om ein skubbar dei utfordrande vala framføre seg. I Lærdal er ei slik sak plassering
av Lærdal folkebibliotek, som me hadde oppe i kommunestyret to gonger hausten 2020. Begge
gongene vart saka utsett.
Kommunedirektøren tilrådde at biblioteket vert flytta inn i fyrste etasje i
Lærdal rådhus og samlokalisert med servicesentralen (tenestetorget), noko me i Senterpartiet røysta
for. Men fleirtalet ville altså utsette saka, og slik vart det. Saka vart utsett til mai 2023. Då vart det
gjort vedtak om at Lærdal folkebibliotek blir flytt til Lærdal sentrum: kulturhuset eller rådhuset. Altså
ut frå Lærdalsøyri skule, men noko nærmare ei endeleg plassering er me ikkje.
Meiningar
Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg til Porten.no? Klikk her.
Det me i Senterpartiet
ville løyse i 2020 er framleis ikkje løyst. Det skal også på plass ei ny utgreiing, sjølv om det er
gjennomført eit prosjekt, «Biblioteket i sentrum» og utarbeidd ein grundig fagleg rapport før saka
kom opp i 2020. Me vert forundra om ei ny utgreiing kjem fram til ein annan konklusjon. Fordi
rådhuset ligg midt i sentrum, lett tilgjengeleg for alle.
Ei samlokalisering med servicesentralen vil gje
gode synergieffektar, spesielt med å gjere biblioteket meir ope utan større kostnadar.
Investeringskostnaden er ein ting, men det som er mest interessant er driftskostnaden me får i åra
framover.
For å oppretthalde ein sunn kommuneøkonomi er det naudsynt at driftskostnadane har
høgt fokus. Kan me syte for lenger opningstid med mål om at biblioteket skal ha ope minst 40 timar i
veka og betre tilgjengelegheit og tenester til lågare kostnad har me eit kinderegg. Me i Senterpartiet
ser at her har me ein god moglegheit til å skape ein uformell møteplass, som i dag er sakna av mange
i Lærdal.
Me kan legge til rette for at lag, organisasjonar, politiske parti osv. kan nytte møterom på
biblioteket til sin aktivitet. Det kan bli eit positivt bidrag til sentrumsutviklinga i Lærdal der rådhuset
ligg midt i hjarta, med gode moglegheiter for utvikling av rådhusparken og framsida av rådhuset mot
sentrumsgata som kan gjerast til ein meir freistande stad å setje seg ned.
Eit bibliotek i dag er noko
ganske anna enn når eg som liten var på biblioteket på Ljøsne skule og lånte bøker. Spesielt den
sosiale delen er nok meir viktig i dag, at biblioteket kan vere eit treffpunkt der ein kan møtast for ein
god prat, ha ei tilstelling av mindre omfang enn i kultursalen, som forfattarkveld eller besøk frå lag og
organisasjonar.
Generelt stor takhøgde og låg terskel for å delta. Klarar me å etablere eit bibliotek
som dei unge, som er for vaksne til å gå på ungdomsklubben Kosen, ser på som ein naturleg
møteplass, trur eg me har vunne mykje. Ungdom i den alderen manglar gode nok tilbod og
møteplassar i Lærdal i dag. Difor vil me i Senterpartiet jobbe for eit nytt og brukarvenleg bibliotek i
Lærdal rådhus.
Godt val til alle!