Foto: Privat
Meiningar:
Fylkesvegane våre er alvorleg underfinansiert
I desse dagar byrjar born og unge igjen på skulen. Mange av dei har sin fyrste skuledag og dei gledar
seg. Spente og forventningsfulle. Fleire born har ein utrygg skuleveg. For det er diverre slik at
fylkesvegane våre er rasutsette, utrygge og har eit stort vedlikehaldsetterslep.
Fylkesvegane våre er alvorleg underfinansiert. Dei utgjer 80 prosent av vegane her i landet, men dei
får kun 20 prosent av finansieringa. Det kan vi ikkje akseptere!
Meiningar
Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg til Porten.no? Klikk her.
For Vestland Arbeiderparti kjem liv og helse fyrst. Vi vil prioritere rassikring, trafikktryggleik og trygge
skulevegar på fylkesvegnettet. Vi skal arbeide for at Vestland skal bli ein trafikksikker fylkeskommune!
Riks- og europavegane spelar også ei avgjerande rolle for å knyta fylket vårt saman internt og med
andre regionar nor, sør og aust for oss.
Gode, trygge og framkomelege vegar er avgjerande for at Vestland skal vere attraktivt for både
busetnad og næring. Vi skal arbeide mot staten for å få mest mogleg samferdslemidlar til fylket og
sikre forpliktande nasjonale planar for vedlikehald og rassikring av riks- og fylkesvegar. Målet er ei
tredobling av rassikringsmidlane til Vestland og ei gjennomføring i løpet av 12 år.
Vestland Arbeiderparti legg nullvisjonen om at ingen skal døy eller verta hardt skadd til grunn for
samferdslepolitikken!