KOMPANI LAURITZEN: Tone Damli ga seg i laurdagens episode av Kompani Lauritzen.
KOMPANI LAURITZEN: Tone Damli ga seg i laurdagens episode av Kompani Lauritzen.

– Kompaniaspirant 10 Damli, gir opp

Det sa stopp for Tone Damli i laurdagens episode av Kompani Lauritzen

Publisert Sist oppdatert

Denne våren har Tone Damli vore fast inventar på norske tv-skjermar landet rundt. Saman med 14 andre kjendisar har ho vore med i TV2 sin braksuksess Kompani Lauritzen.

I laurdagens episode sa det likevel stopp for sogningen, som var blant dei seks siste deltakarane.

– Kroppen har vore gjennom nokre heftige veker. For å seie det slik: Eg har ikkje angra eit sekund på at eg trakk meg, seier Damli i eit intervju med TV 2.

Evigheitsmars

Det var under øvinga «Evighetsmarsjen» Damli valde å kaste inn handkledet. Sjølv om det verka å sitje langt inne, var sogndølen likevel sikker på at det var det rette å gjere.

– Kompaniaspirant 10 Damli, gir opp, var beskjeden ho måtte gje til sine overordna befal.

Like etter gjorde også hennar artistkollega Ruben Markussen det same.

I ettertid seier Damli til TV 2 at gjenforeininga med sambuar Markus Foss, og barna Billie (7) og Marlon (1) vart tårevått.

– Det var heilt fantastisk. Då eg sat på flytoget visste eg at familien stod og venta på meg, så då hadde eg hjartebank og kjende på ein barnsleg glede gjennom heile turen, seier Damli til TV 2

Powered by Labrador CMS