NYE TILTAK: Statsminister Jonas Gahr Støre under regjeringa sin pressekonferense om koronasituasjonen
NYE TILTAK: Statsminister Jonas Gahr Støre under regjeringa sin pressekonferense om koronasituasjonen

Eitt skritt fram og to tilbake. Slik er dei nye tiltaka

Regjeringa legg ein dempar på forventningane til dei som håpar på kalas med store folkesamankomster denne jula.

Publisert

– Mange føler no at me rykker tilbake til start, på eit vis.

Det seier Jonas Gahr Støre som under regjeringa sin pressekonferanse i dag la fram nye nasjonale tiltak, som trer i kraft klokka 24 natt til torsdag.

Etter stigande smitte landet over, og ein aukande trussel av omikron vert det no kraftig stramma inn mot jula. Tiltaka er meint å vare i fire veker inntil vidare.

Dette er tiltaka:

* Alle bør halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

* Tilrådinga gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er òg unntak for vaksne som jobbar med tenester for barn og unge og sårbare grupper.

* Ein bør ikkje ha fleire enn ti gjester heime utover eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meters avstand mellom gjestene. Alle må tenkje gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett.

* Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig anbefalt tal på gjester.

* Reduser talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg.

* Treff andre utandørs når det er mogleg.

Organiserte fritidsaktivitetar:

* Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt det er mogleg, og garderobar bør haldast stengt.

* Ved organiserte fritidsaktivitetar innandørs blir det tilrådd at vaksne over 20 år er i grupper på inntil 20 personar. Vidare blir det tilrådd at vaksne innandørs held avstand der det er mogleg for å utøve aktiviteten, og at ein held 2 meter avstand ved høgintensiv trening.

* Det blir gitt ikkje konkret tilråding om avstand og mengd når barn og unge under 20 år trenar og deltek på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar.

* Toppidrett kan gjennomførast som normalt.

Skular, barnehagar og SFO:

* Jamleg testing i skular med høgt smittetrykk.

* Kommunane skal ved behov igjen ta i bruk trafikklysmodellen i skular og barnehagar. Utgangspunktet er grønt nivå, med mindre noko anna blir vedteke lokalt.

* Det kan arrangerast samankomstar for barn i barnehage eller barneskule med heile klassar/avdelingar/grupper med nødvendig talet på vaksne til stades.

* Universitet, høgskular og fagskular bør så raskt som praktisk mogleg innføre undervisning i mindre grupper og meir digital undervisning. Studentar som er avhengige av å gjennomføre forsøk i laboratorium eller ferdigheitstrening, bør prioriterast for fysisk undervisning.

* Universitet, høgskular og fagskular bør leggje til rette for eksamen og obligatoriske kurs, anten digitalt eller fysisk der det er praktisk mogleg med godt smittevern. Det same gjeld for andre utdanningsinstitusjonar for vaksne.

Arbeidsliv:

* Tilråding om 1 meters avstand og auka bruk av heimekontor.

* Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar som skiljevegger eller liknande.

* Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre nødvendige og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.

Lufting:

* Det blir tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Her er ei oversikt over forskriftsfesta tiltak:

Arrangement og samankomstar

* Maksimalt 20 personar på privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale

* Minnestunder etter gravferder og bisetjingar kan ha maksimalt 50 personar. Sjølve gravferda blir rekna som eit offentleg arrangement med faste tilviste sitjeplassar, sjå nedanfor.

* 3 x kohortar av 200 personar med 2 meter avstand mellom kohortane heile tida på offentlege arrangement med faste tilviste sitjeplassar.

* Maksimalt 50 personar på offentlege arrangement utan faste tilviste sitjeplassar.

* Ved innandørs arrangement skal det utpeikast ein arrangør som skal ha oversikt over kven som er til stades og gjennomføringa skal vere smittevernfagleg forsvarleg.

* Skjenkjestopp klokka 24:00 på arrangement med skjenkjeløyve.

* Arrangøren skal sørgje for at alle som er til stades ved innandørs arrangement, skal kunne halde minst 1 meters avstand til andre som ikkje er i same husstand eller er tilsvarande nære. Det blir gjort unntak for fleire grupper, mellom anna for utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i same kohort i barnehage eller barneskule.

* På arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg avstand dersom arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på same seterad frå dei kjem til arrangementet. Personar frå same husstand kan setje seg nærare kvarandre etter framkomst.

Serveringsstader

* Påbod om at serveringsstaden skal sørgje for at alle kan halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Det skal vere minst 1 meters avstand mellom sitjeplassane ved gjesters innkomst, likevel slik at personar i same husstand eller tilsvarande nære kan setje seg nærare kvarandre.

* Serveringsstader med skjenkjeløyve skal ha sitjeplassar til alle gjester, men det er ikkje eit krav ved kulturarrangement på serveringsstaden.

* Alkohol kan berre serverast ved borda.

* Skjenkjestopp klokka 24.00.

* Serveringsstaden skal registrere kontaktopplysningar til gjester som samtykkjer til det.

Smittevernfagleg forsvarleg drift

* Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og annan opplærings- og utdanningsverksemd. Kommunane skal igjen ta i bruk trafikklysmodellen. Tiltaksnivået er grønt med mindre det blir vedteke noko anna lokalt. Det kan bli aktuelt å igjen setje alle barnehagar og skular i landet på gult nivå.

* Desse verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, underhaldningsparkar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, bingohallar, spelehallar, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknader og liknande.

* Dette inneber krav om å sørgje for at det er mogleg å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.

* Med unntak av bibliotek, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkjer til det.

* Bransjerettleiarar bør gjeninnførast for mellom anna treningssenter og symjehallar.

Munnbind

* Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld òg for tilsette med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar.

* Munnbindpåbod gjeld òg hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.

* Det er allereie nasjonal tilråding om å bruke munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, til dømes når du skal hente jakka di etter eit arrangement samtidig med mange andre eller på veg ut av eit fotballstadion.

Heimekontor

* Påbod om at arbeidsgivar skal leggje til rette for heimekontor der det er mogleg utan at det går ut over tenester som krev nærvær som er viktig og nødvendig for verksemda, til dømes for å vareta barn og sårbare grupper.

Karantene

* Karanteneplikt for nærkontaktar med ein stadfesta smitta kvar det er mistanke om omikron, blir utvida til også å gjelde andre nærkontaktar, ikkje berre husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Powered by Labrador CMS