RÅKA: Store publikumsmasser og eit yrande kulturliv må på vent inntil vidare. I dag kom regjeringa med si første krisepakke sidan dei nye strenge tiltaka vart lagt fram.
RÅKA: Store publikumsmasser og eit yrande kulturliv må på vent inntil vidare. I dag kom regjeringa med si første krisepakke sidan dei nye strenge tiltaka vart lagt fram.

Kulturbransjen blir kompensert med 1,1 milliardar kroner

Regjeringa la tysdag fram fleire tiltak for å hjelpe bedrifter og folk som blir ramma av dei strenge koronatiltaka.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa gjeninnfører stimuleringsordninga for kulturbransjen og endrar kompensasjonsordninga frå å dekkje uunngåelege utgifter til å dekkje tapt omsetning.

– Vi gir kultur, indrett og det frivillige betre og meir treffsikre ordningar som treffer fleire, sa kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) på pressekonferansen der regjeringa la fram nye, økonomiske tiltak tysdag morgon.

Til saman set regjeringa av 1,1 milliardar kroner for å kompensere kulturbransjen, som blir hardt ramma av nye og strengare koronatiltak.

Dei blir fordelt slik:

* 400 millionar kroner til kompensasjonsordninga for kulturarrangement fram til sommaren 2022.

* 300 millionar kroner til stimuleringsordninga for kulturlivet første kvartal 2022.

* 300 millionar kroner til fordeling gjennom eksisterande verkemiddelapparat, som til dømes Kulturfondet og Fond for lyd og bilete.

* 100 millionar kroner til musikk- og scenekunstinstitusjonar og museum som ikkje blir fanga av andre støtteordningar for første kvartal 2022.

* Kompensasjonsordninga blir endra slik at både arrangørar og underleverandørar kan søkje kompensasjon på bakgrunn av tapt omsetning frå kulturarrangement, berekna etter tidlegare års gjennomsnittsomsetning frå åra 2017–2019. Kompensasjonsgraden blir sett til 70 prosent og gjeld frå 1. november.

Slik ser resten av tiltaka ut:

For bedrifter:

* Den nasjonale kompensasjonsordninga for næringslivet blir forlengd og justert. For perioden november-desember blir kravet til omsetningsfall senka frå 40 prosent førre periode, til 30 prosent. Maksimalt støttebeløp per bedrift/konsern blir redusert frå 20 millionar til 15 millionar kroner for tomånadersperioden. Det blir foreslått avgrensingar på utbytte for dei verksemdene som får støtte. Tiltaket må godkjennast av Eftas overvakingsorgan ESA.

* Garantiordninga for banklån til bedrifter blir gjeninnført. Staten garanterer for 90 prosent av beløpet i nye banklån til bedrifter som står overfor ein akutt likviditetsmangel som følgje av utbrotet av koronaviruset. Den maksimale løpetida for garanterte lån under ordninga er seks år, inkludert eventuelle forlengingar.

* Regjeringa vil vurdere om det er mogleg å gjere det enklare for kriseramma bedrifter å søkje om utsetjing av skatte- og avgiftsinnbetalingar.

* Det blir jobba med ei ny lønnsstøtteordning. Regjeringa håper å ha eit forslag klart i løpet av veka.

* Det blir varsla tiltak for luftfarten.

For arbeidstakarar – tiltak som blir foreslått forlengde ut februar

* Kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar blir forlengd.

* Rett til dagpengar til ledige og permitterte blir forlengd, uavhengig av kor lenge dei har fått yting.

* Perioden for AAP-mottakarar som er avklarte for arbeid blir forlengd.

* Forhøgd dagpengesats blir forlengd. Ordninga gir 80 prosent kompensasjon for den delen av dagpengane som er under 3 gonger grunnbeløpet.

* Særreglane med dagpengar for lærlingar blir forlengde.

* Ordninga med at ein kan jobbe opp til 60 prosent av vanleg arbeidstid før ein mistar støtte blir forlengd. Normalt er grensa 50 prosent.

For arbeidstakarar – tiltak som blir gjeninnført:

* Personar som har låg opptening i 2021 får betre dagpengeordning. Kravet til tidlegare inntekt for å få dagpengar blir sett ned frå 1,5 G til 0,75 G siste 12 månader, eventuelt frå 3 G til 2,25 G siste 36 månader.

* Kravet om at ein må ha minst 50 prosent reduserte arbeidstid for å få dagpengar blir lempa på, slik at ein òg har rett på dagpengar dersom ein berre får arbeidstida redusert med 40 prosent.

* Ordninga med dagpengar til lærlingar blir opna for nye tilfelle.

* Nav får heimel til å forskotere dagpengar ved behov.

Powered by Labrador CMS