HJARTESAK: Monica Rennan Hjelle og familien har hatt ei svært tøff tid grunna koronasjukdom i familien. No kjem ho med ei klar oppmoding til uvaksinerte.
HJARTESAK: Monica Rennan Hjelle og familien har hatt ei svært tøff tid grunna koronasjukdom i familien. No kjem ho med ei klar oppmoding til uvaksinerte.

– Viss eg får éin uvaksinert person til å ta vaksinen, så har eg oppnådd noko

Monica sitt personlege, hjarteskjerande brev tar av på sosiale medium.

Publisert Sist oppdatert

– Det er heilt overveldande å sjå kor mange som bryr seg, seier Monica Rennan Hjelle.

Årdølen valde i går å fortelje om sine opplevingar av å ha eit familiemedlem på intensiven som følgje av behandling for korona. Oppfordringa til andre er klar: Ta vaksinen.

På sosiale medium har innlegget resultert i hundrevis av likes og kommentarar. I skrivande stund har innlegget vorte delt 64 gonger på Facebook.

– Det er viktig å presisere at for dei som ikkje kan ta vaksinen av ulike årsaker, så må ein ikkje føle seg treft. Dette handlar om dei som bevisst vel å ikkje gjere det og at sjukehusa har sprengd kapasitet, seier ho.

Hjelle fortel at sjølv om støtteerklæringane har vore mange, er det ikkje alle som har respondert like positivt. Ved å gje att innlegget i Porten håpar ho at folk les nøye og tenkjer seg grundig om før ein eventuelt vel å ta endeleg standpunkt til om ein er imot vaksinen eller ikkje.

– Viss eg får éin uvaksinert person til å ta vaksinen, så har eg oppnådd noko.

Her er brevet frå Monica:

Til deg som har tatt eit bevisst val om å ikkje ta vaksinen. Frå meg, pårørande på intensiven.

Eg unner ikkje min verste fiende å sjå nokon dei er glad i liggje i respirator, så eg håpar du kan tenkje litt over kva du risikerer å utsette familien din for. No har ein av mine aller nærmaste vore innlagt sidan 30. november. Han er nyretransplantert og har difor tatt 3 dosar, men han har dessverre ingen antistoff.

Han kom inn som medisinsk pasient med covid og blei flytta til intensiven 4. desember. 11. desember klarte han ikkje lenger å puste sjølv, og måtte difor få hjelp av respirator. Fleire og fleire covid-pasientar blir innlagt på norske sjukehus, og sjukepleiarar veit ikkje når neste fridag blir. Dei veit heller ikkje om dei får feire jul med familien sin sjølv om dei eigentleg er sett opp på fri.

Dette er på ingen måte ein politisk melding om eit neglisjert helsevesen, men eit høgst personleg hjartesukk fordi pasientar som har tatt eit aktivt val om å ikkje ta vaksinen tek opp sjukehus- og intensivplassar.

Overraskande? Nei. Unødvendig? Ja.

Eg håpar det kjem til å gå bra med oss, og oppi all elendet er det godt å vite at han som ligg her har tatt sitt samfunnsansvar. Eg kjem sjølvsagt også til å ta dose 3 når eg får tilbodet, det skulle berre mangle. No ber eg til eit eller anna eg ikkje veit kva er om at dette skal gå rett veg. Eg skal også be for at familien din skal sleppe å sjå at du ikkje klarar å puste sjølv.
#vaksinerdeg

Powered by Labrador CMS