NYE TILTAK: Regjeringa og statsminister Erna Solberg har varsla nye og strengare tiltak mot koronaviruset.
NYE TILTAK: Regjeringa og statsminister Erna Solberg har varsla nye og strengare tiltak mot koronaviruset.

Desse reglane gjeld no for dei som er vaksinerte eller har hatt korona

Regjeringa presenterte onsdag lettelsar i koronarestriksjonane for nokre.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa gir onsdag nokre lettar til vaksinerte og personar som har hatt covid-19-sjukdom.

Regjeringa reknar no desse personane som «beskytta»:

* Personar som er fullvaksinerte.

* Personar som har fått éin dose og det har gått tre til 15 veker etter at dei har fått dosen. Dei må ha opphalde seg i Noreg dei siste ti dagane.

* Personar som har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste seks månadene.

Nye råd

For personar i desse gruppene gjeld no følgjande råd:

* I private heimar og i bilen kan beskytta personar ha nær sosial kontakt (under éin meter) med andre beskytta personar sjølv om dei er i risikogruppa.

* Beskytta personar kan ha nær sosial kontakt med ubeskytta personar som ikkje er i risikogruppa.

* Beskytta personar bør framleis halde god avstand (minst 1 meter) til ubeskytta i risikogruppa som dei ikkje bur med.

* Beskytta personar kan behandlast som husstandsmedlemmer og treng ikkje teljast som besøkjande. Ubeskytta besøkjande må framleis halde avstand til andre ubeskytta.

* Beskytta personar er ikkje lenger rådd mot å gjere unødvendige reiser i Noreg. Men på reisa gjeld dei generelle råda som å halde avstand og bruke munnbind.

* Ute blant folk (i det offentlege rommet, inkludert offentleg transport) er det uendra råd og reglar. Dette gjeld til dømes råd og reglar om avstand, tal, hygiene og bruk av munnbind

* Viss du bur i ein kommune som har forskriftsfesta kor mange som kan vere på besøk i private heimar, må du halde deg til det. Desse reglane skil ikkje enno mellom beskytta og ubeskytta.M

Powered by Labrador CMS