Sakna mann i Lærdal

Sivilforsvaret er på veg for å bistå i søket.

Publisert Sist oppdatert

Ein mann i 60-åra er meldt sakna i Lærdal.

Det har vore leita gjennom natta, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stine Mjelde til Sogn Avis.

Mannen vart sist sett søndag kveld, og vart meldt sakna måndag kveld. Røde Kors, Norske Redningshunder og ei elveredningsgruppe deltek i leitinga.

Leita i natt

Gjennom natta og i morgontimane tysdag har politiet gjort søk etter mannen utan funn.

– Me har funne nokre eigendelar som kan knytast til han, og det er funne på ei bru, der sluttar alle spor, seier Jørgen Ommedal, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til NRK.

No vert det gjort søk i områda ved Lærdalselvi mellom Ljøsne og nedover mot fjorden.

Bistand frå fleire hald

Tenestestadsleiar Marit Breistøl fortel til Porten at dei har hatt mannskap ute i natt, og frivillige frå folkehjelpa, som vert avløyst no i morgontimane.

No er fleire ressursar på veg for å bistå i søket.

– Me har redningshundar, Røde Kors, og sivilforsvaret på veg, fortel Breistøl.

Breistøl stadfestar òg at dei har funne gjenstandar som ein kan knytte til vedkomande utan at dei kan gå vidare inn på kva som er funne.

– Fryktar de fall i elva?

– Dei siste spora me hadde var ved elva, men me etterforskar parallelt med leiteaksjonen, og me kan ikkje utelukke at han er andre plassar.

– Har de søkt på nye område?

– Me har søkt på begge sider av elva. Etter kvart har me fått på plass ein god del mannskap, og me held framleis på på Ljøsne.

Powered by Labrador CMS