VEG: 1200 meter veg i Lærdal skal utbetrast.
VEG: 1200 meter veg i Lærdal skal utbetrast.

No skal over ein kilometer med veg utbetrast i Lærdal: – Eit viktig tiltak

Statens vegvesen ynskjer å ferdigstille arbeidet før 1. juni neste år.

Publisert Sist oppdatert

Statens vegvesen gjer 1200 meter av riksveg 5 breiare, frå Håbakken til Nedre Eri i Lærdal, like ved Lærdalstunnelen.

Vegen skal utstyrast med gul stripe og rumlefelt. Det skriv dei i ein pressemelding måndag morgon.

I dag varierer vegbreidda i området frå 5,2 til 6,6 meter. Vegen blir no 7,5 meter på heile strekninga, og får gul midtstripe og kvit kantstripe. Både gulstripa og kantstripene blir freste, slik at det blir rumlefelt både mellom køyrefelta og på begge vegkantane.

– Slik merkar bilistane merkar det om dei er på veg over mot feil køyrefelt, eller for langt ut mot kanten. Dette er eit viktig tiltak for å gjera trafikken tryggare, seier byggjeleiar Ketil Bere i Statens vegvesen.

– No skal me kontrollrekna på tilboda, og tek sikte på å få underteikna kontrakt så raskt som mogleg. Målet er å vera i gang med anleggsarbeida i starten av september, og jobben skal vera ferdig innan 31. mai neste år, legg Bere til.

TILBOD: Desse fire kjempar om å få gjere utbetringane i Lærdal.
TILBOD: Desse fire kjempar om å få gjere utbetringane i Lærdal.

Arbeid på dagtid

Vegarbeida vil finna stad på dagtid, og trafikkreguleringa vil hovudsakleg skje med trafikklys. Det vil bli innsnevra køyrefelt, og det kan bli noko ventetid.

– Me har forståing for det kan oppfattast som ei mellombels ulempe for trafikantane, men då er det viktig å minna om at me gjer dette nettopp for dei. Som vegeigar er det viktig for oss å halda ved like og utvikla vårt transportsystem, slik at trafikktryggleiken og framkomsten skal kunne varetakast også i framtida.

– Vi oppmodar trafikantane om å respektera trafikkregulera, av omsyn til tryggleiken til dei som jobbar på vegen. Også dei skal heim til nokon, avsluttar Bere.

Strekninga som no skal vølast gjennom eit FMO-prosjekt (forsterka midtoppmerking) har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 2900. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 16 prosent, eller 464, lange køyretøy.

Knutepunkt

Eri – Håbakken ligg på riksveg 5 mellom Lærdal og Filefjell, like ved utløpet av Lærdalstunnelen på E16.

Herfrå kan ein køyra i retning mange ulike stader.

Ein kan til dømes velja riksveg 5, vidare nordvestover mot Sognefjorden, berre 20 minutt unna, eller austover mot Filefjell (E16) eller Hemsedalsfjellet (riksveg 52).

LÆRDAL: No vert vegen i Lærdal breiare.
LÆRDAL: No vert vegen i Lærdal breiare.
Powered by Labrador CMS