Røykutvikling i vogntog lasta med personbilar i Lærdalstunnelen

Publisert Sist oppdatert

OPPDATERING: Klokka 14.55 meldte Vegtrafikksentralen at vegen er opna att.

Det vart meldt om røykutvikling i eit vogntog inne i Lærdalstunnelen fredag ettermiddag.

110 Vest skreiv på Twitter at vogntoget var lasta med personbilar. Det skal stått 6-7 kilometer inne i tunnelen.

Vegtrafikksentralen meldte raskt at tunnelen var stengd.

Vest politidistrikt skreiv samstundes at omfanget av røykutviklinga var ukjent.

Klokka 14 var naudetatane på staden, då var det ikkje røykutvikling i vogntoget. Kort tid etter vart det meldt av vogntoget var på veg mot Lærdal-sida av tunnelen.

Les meir her.

Powered by Labrador CMS