FÅR SJANSEN: Lasse Styve Andersen tek over som mellombels redaktør i Porten.
FÅR SJANSEN: Lasse Styve Andersen tek over som mellombels redaktør i Porten.

Pressemelding frå Porten.no:

Lasse (26) vert konstituert som ansvarleg redaktør i Porten: – Ikkje mogleg å takke nei

Siste brikke for hausten er førebels på plass etter fleire omrokeringar i Porten den siste tida.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er utruleg spent og nesten litt skjelven, seier Lasse Styve Andersen.

Den 26 år gamle årdølen kom inn i Porten for berre litt over eit år sidan. No har han valt å ta takke ja til å verte konstituert ansvarleg redaktør i Porten.

– Eg er blitt veldig glad i Porten, så når tilbodet kom og eg uansett skulle vera heime i Årdal eit år til, var det ikkje mogleg å takka nei.

Mange endringar

Førre veke vart det kjend at nyheitsredaktør Even Hye T. Barka forlét Porten, medan ansvarleg redaktør Ola Skram gjer det same, og går over til ny jobb som kommunikasjonsansvarleg i Sognekraft.

I lys av endringane har Tobias Bratvold Lucey fått jobben som Barka sin arvtakar. At det er Lucey som skal styre skuta saman med han frå Årdal, har Andersen få problem med.

– Eg og Tobias har no hatt god kontroll på årdalskontoret i eit halvt år snart og me jobbar utruleg bra saman. Å ha ein eg kan lena meg på når eg trer inn i ei så krevjande rolle er utruleg viktig for meg.

– Årdalskontoret stod så å seie tomt fram til eg kom inn i fjor, og no får altså Porten ein årdøl som redaktør, det tenkjer eg er akkurat slik det skal vere.

Andersen, som frå før var journalist i vikariat i Porten, tek over i jobben som Skram har no, då den ansvarlege redaktøren rundar av i Porten rundt den 20. juli. Årdølen sjølv er svært spent på den nye jobben han skal ta fatt i.

– Det kjem nok til å bli lange dagar og mykje å setja seg inn i. Eg har heldigvis mange gode folk rundt meg som var meir enn positive til at det var eg som skulle tre inn i rolla.

– Lasse kom inn som vikar i fjor før sommaren og har i hovudsak fått si journalisttrening hjå oss ved sidan av utdanninga si. Då vert ein ekstra stolt over å sjå at han no tek steget opp. Han har tatt gode steg på kort tid, seier avtroppande redaktør Ola Skram om arvtakaren.

Mykje arbeid

Med fjorårets satsing kan Porten sjå tilbake på gode opplagstal, som den raskast veksande avisa prosentvis i Vestland. Samstundes har satsinga kosta økonomisk, og Porten har i år måtte klare seg med færre journalistar på vakt. Trenden held fram til hausten, då verken Barka eller Skram ser ut til å verte erstatta av nye journalistar med det første.

Likevel kjenner Andersen seg trygg på at dei som er att skal kunne klare å sørgje for at Porten vert ei spanande avis som tek nye steg, også i framtida.

– Redaktørane våre har gjort ein god jobb med å få Porten opp og fram. Dei har jobba iherdig for å leggja eit fundament som me kan bygga vidare på framover, legg han til.

Dagleg leiar Kristine Haglund har dette å seie om kvifor Andersen fekk tilbodet:

– Lasse har våre med oss som deltidstilsett tidlegare og på fulltid no siste tida. Han har vist kva han kan og ønskjer, og trer difor inn som konstituert redaktør inntil vidare.

Lyser ut fast etter nyttår

Ho fortel at planen er å lyse ut stillinga som ansvarleg redaktør ein eller annan gang ut på nyåret.

– Kan du seie noko om planane for Porten i tida som kjem?

– Frå hausten av kjem det til å bli endringar i strategien, som vil påverke satsingsområdet vårt. Dette er noko me kjem tilbake til.

Powered by Labrador CMS