TILBAKE MED EIT GLIS: Trine Lerum Hjellhaug hadde i fjor permisjon frå rolla som administrerande direktør, men kjem tilbake til ei skute som seglar i medvind.
TILBAKE MED EIT GLIS: Trine Lerum Hjellhaug hadde i fjor permisjon frå rolla som administrerande direktør, men kjem tilbake til ei skute som seglar i medvind.

Kan juble over eit bånnsolid år

Årsrekneskapet for 2021 er tidenes lesning for administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Publisert

Lerumkonsernet leverer det dei kallar for eit historisk resultat for 2021 med 47,9 millionar kroner før skatt. Det er ei betring på 6,5 millionar frå året før.

– Langsiktig arbeid gir resultat, seier Lerumsjef Trine Lerum Hjellhaug i ei pressemelding.

Årets høgdepunkt for konsernet meinar ho kom i oktober då dei for første gong i historia vart målt som marknadsleiar på syltetøy i den norske marknaden.

– På syltetøy er det produkta utan tilsett sukker som veks. Vi har klart å lage produkt som forbrukaren synes er gode. No har vi heile 13 syltetøyvariantar som er utan tilsett sukker, seier administrerande direktør, seier ho.

Mange nye varer

Totalt vart det lansert 13 nye produkt i 2021. På saft held bedrifta marknadsleiarposisjonen. Marknadsandelen til Lerum i verdi ut av butikk for året var 53 % på saft og 31 % på syltetøy.

– Vi merkar at forbrukarane er opptekne av å redusere sukkerforbruket. Det har vi bidrege med lenge. Sidan 2015 har vi redusert det gjennomsnittlege sukkerinnhaldet i produkta våre med 49 %, held Trine Lerum Hjellhaug fram i pressemeldinga.

2021 vart også prega av covid-19. Periodar med heimekontor, låg reiseaktivitet og låg grensehandel har gjort at daglegvaresalet har halde seg på eit høgt nivå. Lerum har komme seg godt gjennom pandemien med lite smitte og lågt fråvær. Fråværet var 3 % i 2021.

– Vi er svært fornøgd med samspelet og innsatsen dei tilsette har lagt ned i alle ledd av organisasjonen, seier ein nøgd Trine Lerum Hjellhaug vidare.

Powered by Labrador CMS