PÅTROPPANDE SJEF: Styreleiar Svein Ove Slinde (t.h.) kunne for nokre veker sidan dele at han hadde sikra seg den erfarne bankmannen og lustringen Jermund Molland (t.v.) som ny banksjef i Luster sparebank. Molland har ei utfordring føre seg, skal ein tru spådommane.Foto: Luster Sparebank
Luster Sparebank på dødsliste: Påtroppande banksjef er ikkje uroa
Det vert spådd at over halvparten av dagens sparebankar kan forsvinna innan ti år. Men den dystre spådommen ser ikkje Jermund Lien Molland seg einig i.