OPNAR: Om alt går som smurt opnar vegen i dag.
OPNAR: Om alt går som smurt opnar vegen i dag.

Tindevegen opnar i ettermiddag

Etter nokre dagar med utfordrande vêrforhold kan vegen mest truleg opna igjen.

Publisert

Det har vore utfordrande vêr langs Tindevegen dei siste dagane. 9. mai måtte dei mellombels stengja vegen grunna mykje snø og dårleg vêr.

No ser det ut til at vegen kan opne igjen.

Vêrmeldingane såg bra ut før helga og det var fyrst tenkt at vegen kom til å opne i tolv tida laurdag føremiddag.

Men på få dagar har det kome mykje snø og det tok tid å få vegen rydja.

No ser det derimot ut til at vegen kan opna 17:00 om vêret halde seg fint og snøen er samarbeidsvillig.

Powered by Labrador CMS