Bubil sperra fylkesveg mellom Fortun og Turtagrø
Klokka 11:03 melder vegtrafikksentralen at Fv. 55 ved Berge mellom Fortun og Turtagrø er mellombels stengd.
Årsaka skal vera ein bubil som sperrer vegen.
Bilbergar er på veg.
Trafikkoperatør Marianne Hove oplyser til Porten at det ikkje er noko dramatikk på staden. Årsaka til sperringa skal vera ein øydelagt klutch.
– Me har ikkje vore i kontakt med føraren direkte, men det går bra og politiet har ringt etter bilbergar.
Må rekna med kø
Bubilen har stoppa opp i vegbana, men det er likevel mogleg for mindre bilar å passera. Likevel har ein valt å sperre vegen fram til bubilen er flytta ut av vegen.
– Me har ikkje fått noko tidsestimat, så her lyt ein nok rekne med litt kø framover.
Klokka 12:55 melder vegtrafikksentralen at vegen er opna.