LUSTER: Det gjekk bra med føraren etter ulukka.
LUSTER: Det gjekk bra med føraren etter ulukka.

Politiet rykte ut då trailer køyrde utfor Lustravegen

Føraren av traileren skal ikkje vere skada.

Publisert Sist oppdatert

Saka vert oppdatert.

Politiet er på staden, etter å ha fått melding om at ein trailer har køyrt utfor ein stad på Lustravegen. Det skriv dei på Twitter.

Føraren skal ikkje vere skada, men vedkomande er samstundes mistenkt for å ha køyrt i alkoholpåverka tilstand.

Føraren vert frakta til Sogndal for vidare undersøkingar.

Til Porten fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stine Mjelde, at traileren som køyrde av vegen, var utenlandsregistrert, og køyrt av ein utenlandsk førar.

– Han er ikkje kome til skade, og kom ut av kjøretøyet på eigenhand, seier Mjelde.

Traileren vil no verte henta av Viking. På spørsmål om kva slags tilstand traileren er i no, seier operasjonsleiaren:

– Det er ikkje meldt om store materielle skader. Heller ikkje på tredjemann sin eigendom.

For augenblinken er begge kjørefelta på staden opne.

– Det kan sjølvsagt verte nokon trafikale utfordringar når traileren skal reddast, om Viking har behov for vegbana. Politiet er ikkje lenger på staden, seier Mjelde.

Powered by Labrador CMS