Meiningar

– Det må vere lov å stille spørsmål om kva som eigentleg skjer bak lukka dører i Sogndal kommune, skriv Kåre Vangelsten.
– Det må vere lov å stille spørsmål om kva som eigentleg skjer bak lukka dører i Sogndal kommune, skriv Kåre Vangelsten.

Er det nokon som har tala i tunger på kommune­styre­møtet, sidan så mange stemde mot seg sjølv?

Så har dei greidd å tilsetje ny kommunedirektør i Sogndal kommune, og du verd for eit show det har vore! Dette bør det lagast revy av, og kjenner eg Leikanger mannskor rett, så vert nok dette eit skikkeleg publikumsinnslag på neste revy!

Meiningar:

Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg i Porten.no? Klikk her

Det er mange som har hatt viktige roller i tilsetjingsprosedyren. Etter at prosessen havarerte i vår, og saka vart utsett, har nye hovudjegerar vorte engasjerte. Etter ein lang prosess vart ein søkjar tilrådd, og politikarane fekk saka til handsaming. Her var formannskapet (i alle fall fleirtalet) samde med hovudjegerane, og innstilte den tilrådde kandidaten til stillinga.

Men då vakna andre leiarar i administrasjonen, dei såkalla mellomleiarane, og fann at situasjonen var så alvorleg at dei kalla inn til eit internt møte, og kom deretter med ei offentleg innstilling til stillinga i Sogn Avis!

Tenk det, mellomleiarane som skal samarbeide med den nye kommunedirektøren, går ut offentleg og seier at den som er innstilt til stillinga er uønskt! Dei seier det ikkje direkte, sjølvsagt, men gjer vedkomande merksam på kor god og dyktig person dei har i stillinga no, og at ein ny person ikkje må kome her og kome her!

Gjennom dette møtet, og med sitt utspel i avisa, hadde dei i realiteten spent krokfot for den vidare prosessen. Det ville vere nesten utenkjeleg at nokon annan enn den som har vore konstituert kunne verte tilsett, og i alle fall ta mot stillinga. Eit klårare signal om at ein ny person ikkje var velkomen i kommuneadministrasjonen er det vel vanskeleg å sende ut.

Og ganske riktig: Møtet i kommunestyret, som i utgangspunktet skulle stadfeste den innstillinga som mange av dei same politikarane hadde vedteke kvelden før, var ikkje før begynt før det kom benkeforslag på ein ny kandidat.

Når formannskapet kvelden før hadde gjort eit vedtak, som til og med vart offentleggjort, skulle ein tru at alle partia hadde vore involverte og var samde i vedtaket. Men det var tydelegvis alt gløymt, og ein ønska å starte med blanke ark att. Kva som skjedde bak lukka dører kan vi berre gjette på, men dei aller fleste medlemene i kommunestyret må i alle fall ha fått ei alvorleg openberring. Sidan vi no nærmar oss jul, kan vel tankane kanskje gå til ei anna openberring, utan samanlikning elles.

For resultatet vart at dei var så overtydde at dei stemde motsett av det dei hadde gjort kvelden før. Og sidan vedtaket var samrøystes, kan ein lure på om det kan vere nokon som har tala i tunger på det lukka møtet.

Er det gjennom slik sakshandsaming at politikarane skal prøve å byggje opp att respekten for dei folkevalde? Eg trur heller at dette er med på å fyre enno meir opp under politikarforakta etter dei mange avsløringane den siste tida. Det må også vere lov å stille spørsmål om kva som eigentleg skjer bak lukka dører i Sogndal kommune.

Dersom det skulle bli folkerøysting om oppløysing av kommunen att, har i alle fall dei som bur i Balestrand sjansen til å kvitte seg med dette styret. Det er verre for oss som bur i Leikanger, om vi då ikkje skulle vende nasen vestover og slå lag med Balestrand?

Men sidan ordføraren i Sogndal kommune kjem frå Balestrand, og tilstår at han er ein av tvilarane, er det ikkje sikkert at det heller er ei god løysing

Powered by Labrador CMS