Meiningar:

PSYKISK HELSE: Jostein Brugrand om eigne erfaringar kring psykisk helse.
PSYKISK HELSE: Jostein Brugrand om eigne erfaringar kring psykisk helse.

Eg skammar meg om eg må be om hjelp. Den terskelen er for høg

Alle har bagasje og treng hjelp iblant. Her er litt av min.

Publisert

Eg er voldsomt inspirert og imponert av min beste ven Gøran, som er tøff nok til å fortelja og vera open om sin livshistorie og sine utfordringar med psykisk helse.

Eg er på langt nær like tøff eller sterk som han, men eg skal gjere eit forsøk på å fortelja mi historie. Eg ser no kor viktig og avgjerande det er å vera open om det.

Om min historie kan ha same effekt på berre ein person, og vera til hjelp, ser eg på det som ein enorm siger.

Alle har bagasje og treng hjelp iblant. Her er litt av min.

Meiningar

Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg til Porten.no? Klikk her.

Ein av mine fyrste minner er frå barnehagen. Eg var fyrst på Tønjum, men då rullestolen min ikkje passa gjennom dørene der måtte eg flytte ned på Øyri.

Eg har ingen gode minner frå barnehagen, det eg hugsar best er dei ungane som synest det var underhaldande å ved ein kvar anledning velta rullestolen – med meg i den. Det var ikkje særleg kjekt.

Her starta mine utfordringar kring psykisk helse, og det skulle berre blir verre jo eldre eg vart. Eg kom meg til slutt ut av rullestolen og starta på skulen, på Ljøsne skule. Der var eg lukkelegare enn eg nokon gong har vore, og det er berre på grunn av ein spesiell person, Sissel Randi!

Eg kan ikkje beskriva med ord kor avgjerande det kan vera å ha ein lærar som Sissel Randi, ein lærar som har trua på deg. Men det fekk eg aldri oppleva igjen.

Frå eg starta i 1. klasse til eg slutta i 10. klasse var utestenging og mobbing ein stor del av kvardagen. Det eskalerte voldsomt på ungdomsskulen der lærarane sin «go to» løysing var å snu ryggen til. Eg var ikkje den beste eleven akkurat, og eg vart fort det «sorte fåret» i klassen, og eg fekk verkeleg svi for det fram til eg starta i den vidare gåande skulen.

Eg kunne faktisk ikkje gjere noko rett, ifølgje lærarane mine. Så da gav eg faen, noko som eg den dag i dag angra bittert på, for konsekvensane av det landa berre i mitt fang.

Med den innstillinga starta eg på VGS, noko som sjølvsagt enda med verken fagbrev eller noko anna å visa til. Eg gav rett og slett faen, for på Luster VGS fekk eg beskjed om at eg ikkje var dugandes til noko. Kvifor skulle eg då bry meg?

På dette tidspunktet var eg allereie sjuk, i form av depresjon og ein brennande sosial angst. Ein angst eg dempa med å bruka alt eg hadde av stipend og studielån på alkohol. Det eskalerte heldigvis ikkje, og eg sette til slutt frå meg flaska.

Vart så kasta ut av VGS og sette aldri min fot der igjen.

Så, ein vinterkveld i 2009 forandra livet seg drastisk til det verre. Eg fekk tilfeldigvis eit glasskår 2 cm inn i høgre auga mitt, og vart det ein kan kvalifisera som blind, med unntak av ein ting: Lys, jævla lys.

Den hendinga skulle visa seg å vera svært øydeleggjande for mitt liv som myndig, i 7 år var eg ubrukeleg om det var lyst ute. 7 år. Ikkje kunne eg jobba, og ikkje var eg særleg sosial. Eg kjempa med nebb og klør for å få ting til å gå rundt, men for NAV var eg for frisk til å vera sjuk, men for sjuk til å jobba.

Så der stod eg, mens rekningar og inkassokrav hopa seg opp i enorme mengder, noko som framleis følgjer meg den dag i dag. Ein kjem aldri ovanpå.

Kunne eg bedt om hjelp? Nei, eg er mann og eg ska klara alt sjølv. Men eg gjorde ikkje det. Ikkje i det heile tatt.

Så nådde eg eit heilt nytt nivå av angst og depresjon: sjølvmordstankar. Det er ofte noko som dukkar opp.

Men det blir med tanken. Ingen veit noko, ingen. Eg skammar meg om eg må be om hjelp. Den terskelen er for høg.

Åra går, og eg vakla meg gjennom 20-åra med kreditorar, skattefut og fandens oldemor hakk i hæl. 2016 kjem, og teknologien er endeleg der at det er mogleg å få ordna litt på augesituasjonen. Eg blir omsider operert, tek lappen og eg får meg ein vikarjobb. Men, angsten og depresjonen slepp faen ikkje taket.

I 2017 blir eg saman med den viktigaste personen eg har i livet mitt, Ann Helen. Som sagt, ingen visste noko om mine psykiske problem. Eg sett opp ein vegg ingen kunne penetrera. Ann Helen henta bulldosaren og nekta å gje seg før det berre var støv igjen, og eg er uendeleg takksam for det. For det stod mellom liv og død. Ho var på innsida, og den einaste som kunne nå inn, nokon gong.

Uansett kor lukkeleg og glad eg var med Ann Helen, slapp aldri driten taket. Det vart verre og verre, og eg var ein miserabel person å vera saman med. Eg kunne gøyma meg vekk og liggja på sofaen og berre grina i vekevis av gangen.

Alt det her forverra seg voldsomt då ein av dei viktigaste personane i livet mitt døde, bestemor. Ei av dei få som aldri såg meg som det «sorte får», ein av dei få som alltid behandla meg som alle andre. Borte, for godt.

Herifrå gikk det fort gale, og eg heldt så vidt hovudet over vatnet. Angsten og depresjonen tok heilt overhand. Eg kunne ikkje kontrollera det meir. Panikkanfalla eskalerte og kom oftare enn før, og eg greidde ikkje å handtere det. Til slutt valde eg å ta mitt eige liv, men så fekk eg ein heilt avgjerande telefon frå Ann Helen. Eg har sagt det før til fleire, det er eit eller anna med det kvinnemennesket som gjere meg svak, på alle måtar. Ho prata meg ut av det, og eg reiste heim.

Eg var på ein mørk plass, og det vart berre mørkare. Så mørkt at Ann Helen til slutt fekk nok og reiste frå meg. Noko eg forstår fullstendig. Eg nekta å få hjelp fordi eg skamma meg. Og no hadde eg mista enda ein viktig person i livet mitt, den viktigaste.

Eg vakla gjennom våren og halve sommaren utan mål og meining, eg orka ingenting, ville ingenting. Eg ville berre døy. Så da bestemte eg meg igjen: me prøver på nytt.

Eg set meg i bilen, men eg veit ikkje kva som skjedde så. Eg stoppa opp, slo rundt meg og skreik for full hals før eg køyrde til Ann Helen og braut fullstendig saman.

Nokre dagar etterpå køyrde ho meg til Førde. Igjen var eg motvillig når det kom til å få hjelp, så eg nekta å bli innlagt fyrst. Dagen etter fikk eg meg ein ny knekk, og tenkte: «Fuck it». Eg kan ikkje leva slik, for då døyr eg.

Eg plukka opp telefonen, ringte til Førde og sa: «Eg må leggjast inn no, elles kjem eg til å ta livet mitt».

Eg skamma meg no, for at eg ikkje var tøff nok til å be om hjelp før. Ungane mine kunne ha vorte ein forelder fattigare.

No sit eg her, i Sogndal på Rutlin og tenkjer på alt eg burde ha gjort annleis. Eg har no vore innlagt i omtrent tre månadar, og eg har fått hjelp. God hjelp! Eg har fått medisinar og eit sett med nye verktøy til å kunne handtera livet. Og eg er evig takksam for det.

Har du, eller nokon du kjenner det vanskeleg? Snakk med nokon. Hjelpa er faktisk ikkje langt unna, og det er ingenting å skamme seg over.

Ikkje vær så jævla dum som eg var. Be om hjelp, det hjelper faktisk.

No blir vegen vidare å flytte til Luster der ein har fått seg leilegheit, trygla og be om at nokon vil gje meg ein ny sjanse i arbeidslivet der, og vinna livet tilbake! Sakte men sikkert.

Powered by Labrador CMS