Meiningar:

Stopp importen av høge straumprisar, Støre!

Publisert

Kraftkablane til Tyskland og Storbritannia har ført til vanvitig høge straumprisar i store deler av Sør-Noreg. Støre og likesinna, kraftbransjen og «ekspertar» kan bortforklare og nekte for dette så mykje dei berre orkar. Dei blir ikkje trudd av så mange lenger.

Kraftkablane har ein fysisk kapasitet som saman med kapitalistisk praksis, har ført til ein uregulert eksport av kraft til Tyskland og Storbritannia, der det blir betalt langt meir for norsk vasskraft enn det kostar å produsere den. Dette har ført at til store deler av den sørnorske kraftbransjen kan ta dei same blodprisane på Vestlandet sør for Sognefjorden, i Sør-Noreg og på Austlandet. Slik er samanhengen.

Alle bortsett frå samanheng-fornektarane, ser at det er slik og forstår det. Det som er mindre forståeleg, og om mogleg endå mindre akseptabelt, er at innbyggjarane og arbeidsplassane i ein og same kommune, kan kome i to prisområde. Det gjeld f.eks. Høyanger kommune.

Meiningar

Dette er eit meiningsinnlegg som gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Send ditt meiningsinnlegg til [email protected]

Landet vårt er grovt sett delt i to prissoner. Sør for Sognefjorden, i Sør-Noreg og på Austlandet, er det dyrtid med kontinentale og britiske straumprisar. Nordanfor, frå Sognefjorden og heile vegen nordover, er straumprisen no lågare enn produksjonsprisen. Årsaka til prisforskjellen, er at kraftlinjene/-forbindelsane ikkje har kapasitet nok til å gje tilstrekkeleg kraftutveksling mellom nord og sør i landet. Sognefjorden er ein av barrierane.

Kraftkablane ut av sørlege deler av Noreg derimot, har stor nok kapasitet til å importere høgare straumpris. Det var også kraftbransjen sin baktanke med kablane – ein baktanke som for ti år sidan slo leir i heile regjering-/stortingsmiljøet (Raudt var ikkje representert på Stortinget). «Ekspertane» sa rett nok at det først ville bli ein prisauke på 2–3 øre, men seinare ville prisane falle.

Det ligg utifrå dette opp i dagen at forsterka kraftforbindelse nord-sør, bl.a. til sør for Sognefjorden, vil gje import/transport av høgare straumprisar nordover – til størstedelen av Sogn og Fjordane og vidare nordover. For det er ingen grunn til å tru at kraftbransjen nord i landet med auka kraftforbindelsar til/frå sør, ikkje vil utnytte dette slik som den «sørnorske» kraftbransjen skaffar seg høgare straumprisar gjennom kraftforbindelsane til/frå Tyskland.

Det er skrive at linja over Sognefjorden vil føre til at prisauken på nordsida blir betydeleg større enn prisreduksjon på sørsida av fjorden. Kraftbransjen på våre kantar nord for Sognefjorden, vil med linja kunne transportere nordover dei tyske og britiske straumprisane som kraftbransjen i Sør Noreg har importert frå utlandet.

Ei sterkare kraftlinje over Sognefjorden er like lite svaret som auka krafteksport. Ei slik sterkare kraftlinje, vil berre føre til at fleire innbyggjarar og arbeidsplassar i Noreg vil bli ramma, slik dei sør og aust for oss allereie er ramma.

Støre & co. har så langt avgrensa seg til å minne kraftbransjen på samfunnsansvar og vente-og-sjå. Påminningane har verken ført til reduserte prisar eller betre meiningsmålingar for venstresida. Støre sitt svar til Nettavisen 31. juli er at «vi må belage oss på at dette ikkje er over med det første. Det kan gå både eitt og to og tre år».

Raudt sitt svar, og etter kvart mange andre sitt svar, er at Noreg må slutte å importere høge straumprisar. Difor må krafteksporten reduserast, og det må innførast makspris.

Powered by Labrador CMS